Taubanesamling i Bergen
Publisert 15.04.2016
Du er velkommen til Taubanesamling i Lindås og Bergen 29. og 30. april.
Utvikling av eigna taubaneutstyr kombinert med god vegplanlegging vil vere sentrale tema. Stortingsrepresentant Torill Eidsheim (H) vil opne samlinga.
Det står mykje tømmer i bratt terreng i Norge og særleg langs kysten. Og det manglar enno mykje vegbygging inn i desse områda.
Norsk Taubanelag inviterar til samling i Lindås og Bergen 29. april kl 15.00 til lørdag 30. april ca. kl 13.00.
Stortingsrepresentant Torill Eidsheim frå Lindås vil opne samlinga på Westland hotell i Lindås.
Etter fagprogrammet og middag fredagskvelden vil Norsk Taubanelag ha årsmøte.
Lørdag blir det utferd til ei skogdrift på Toppe i Bergen kommune. Mats Stalheim vil her orientere om skogsdrifta som i hovudsak har dreia seg om framdrift av orkanskadd skog i bratt terreng. Staheim har investert i ei Owren produsert taubane med løpande bærekabel, bygd opp på ei beltegåande basmaskin med påmontert Owren 350 vinsjog eit 15 meter høgt tårn. Skogeigaren vil også orientere om sine erfaringar med denne skogsdrifta.
Alle er Velkomne !
Info om program og påmelding her: