Vil vidareføre Sylvi Listhaug si satsing på infrastruktur.
Publisert 25.04.2016
Betre infrastruktur for skogbruket er viktig. Det var også omtala under landsmøtet til FrP på Gardermoen i helga seier leiar i Hordaland FrP Gustav Bahus.
Bahus seier til Kystskogbruket at han også fekk forsikringar frå den nye landbruks- og matministeren Jon Georg Dale at han vil følgje opp satsinga som den forrige ministeren Sylvi Listhaug starta.
Dobla løyvinga
Den forrige landbruks- og matminister Sylvi Listhaug dobla den årlege løyvinga til skogsvegar i den perioden ho var statsråd. I 2012 var løyvinga ca. 66 millionar kroner og i 2016 er den 123 millionar kroner. Også løyvingane til tømmerkaiar kom inn på ordinært statsbudsjett i denne perioden og hittil er det løyvd ca. 150 millionar kroner til dette føremålet. Og pr. i dag har 14 kaiprosjekt langs kysten frå Drammen til Lenvik i Troms fått løyving til tømmerkaiar. Men køen er stor og mange søknader for både tømmerkaiar og skogsvegar har enno ikkje fått løyving.
Tiltaka reduserar transportkostnader frå viktige skogkommunar til norsk og utanlandsk skogindustri med mellom 15 og 75 kroner pr. kubikkmeter og gjev også store miljøvinstar. Ja i mange kommunar langs kysten er desse investeringane grunnlaget for at det i det heile kan hoggast og omsetjast tømmer frå skogen.
Satse vidare på infrastruktur
I helga var det landsmøte i FrP på Gardermoen. Gustav Bahus er leiar i Hordaland FrP. Saman med Ove Frotvedt i FanAgro deltok dei saman med ca. 20 delegater frå Hordaland. Bahus seier at betre infrastruktur for mange næringar er sentralt for FrP. Og viser til at han i samtalar med den nye landbruks- og matministeren Jon Georg Dale fekk stadfesta at det skal satsast vidare på å betre infrastrukturen i skogbruket. God planlegging og prioritering av infrastrukturtiltak vil vere viktig også i skognæringa legg Bahus til.
Vil ha forsert opprusting av viktige fylkesvegar
Gustav Bahus viser også til ein vedteken resolusjon på landsmøtet der føremålet er ein raskare utbetring av viktige fylkesvegar. I resolusjonen heiter det til slutt:
– «Fremskrittspartiet ber om at det prioriteres å omklassifisere de fylkesveiene som er aller viktigst for norsk eksport til riksveier, – for å sikre en raskere oppgradering av disse næringslivets hovedveier».
Du kan lese heile resolusjonen her: