Jon Georg Dale kjem til Lindås
Publisert 06.09.2016
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil opne nye Eidsnes tømmerkai i Lindås tysdag 13. september klokka 11.00.
Du er med dette invitert.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil opne nye Eidsnes tømmerkai i Lindås tysdag 13. september klokka 11.00.
Arrangementet er opent for ALLE, sjå vedlagde INVITASJON
Skogsatsing gir auka sysselsetjing
Skogreisinga etter krigen var eit stort arbeid av samfunnsbyggjande karakter, ikkje minst i Hordaland som no er største skogfylket på Vestlandet. Regjeringa si satsing på infrastruktur i skogbruket har vore svært viktig. Berre i Hordaland har det resultert i ei dobling av investeringstøtta til skogsvegbygging og tømmerkaiutbygging dei siste åra. Ved sida av Eidsnes tømmerkai blir det no planlagt tømmerkaiutbygging i Granvin og Fusa. Denne positive utviklinga er sterkt medverkande til auka sysselsetjing i skognæringa i fylket.
Blant dei største i kystskogfylka
Eidsnes tømmerkai som ligg like ved E39 vart først etablert i 1985 og noko utvida i 2000. Bruken av kaien har jamt auka. No er den utvida til 135 meter kaifront og blir difor ein av dei største i kystskogfylka. Skogeigarlaget eig også eit areal kring 60 dekar i tilknytning til kaien.
Utvidinga har kosta ca. 13 millionar kroner og er finansiert med eit statleg tilskot på 80%. Resten er tilskot frå Hordaland fylkeskommune, tilskot frå kommunane Austrheim, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy og noko privat kapital. Nedslagsfeltet er Nordhordland med Bergen kommune og årleg tømmerkvantum over kaia er inntil 80 000 kubikkmeter.