Viktig distriktsnæring
Publisert 20.09.2016
“Skognæringa er ei viktig distriktsnæring i Norge” sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale då han opna Eidsnes nye tømmerkai i Lindås forrige veke. Han viste til at regjeringa hadde satsa mykje på å betre infrastrukturen i skogbruket og understreka at dette ville halde fram.
Over 100 personar og prestasjonsangst
Over 100 personar hadde møtt fram på Eidsnes nye tømmerkaia i Lindås då landbruks- og matminister Jon Georg Dala opna kaien tysdag 13. september. På ein av dei varmaste dagane i år vart ministeren ynskt velkommen av bunadskledde leier i Nordhordland Skogeigarlag Sigvard Hopland.
Deretter fekk Dale ei handsmidd øks av Hopland. For å opne den nye tømmerkaia måtte ministeren kutte eit tomme tjukt hampetau. «Prestasjonsangst» sa Dale før han drog til….. og tauet, – ja det rauk på første forsøket !
Regjeringa er positiv
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale understreka i sin tale at denne tømmerkaia er avgjerande for å kunne drive eit rasjonelt skogbruk i denne regionen. Skogbruk og skognæring er ei viktig distriktsnæring, og staten ynskjer å medverke for å betre rammevilkåra. Og viste til at regjeringa har prioritert å styrke infrastrukturen i skogbruket, – nettopp for auke konkurransekrafta til det norske tømmeret som skal ut i marknaden. Han skisserte til slutt eit eksempel som viser at tømmerkaier minskar tungtrafikken på vegane og er difor eit godt tiltak for å redusere klimagassutsleppa. Rundt rekna eit redusert dieselforbruk på 30 000 liter (80 000 kg CO2 utslepp) pr. 100 000 kubikkmeter tømmer.
Og Dale lova at regjeringa ville satse vidare på å støtte ei betring av infrastrukturen i skogbruket.
Lokal song og musikk skapte stemning
Sangaren Kjersti Wiik assistert på keyboard av musikaren Trond Fykse overraska deretter forsamlinga med melodiane «Gjev meg jorda til bustad» etter Sandsdalen/ Medaas, «Tømmerhoggarvisa» etter Kiran/ Medaas, «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» etter Låstad Lygre/ Tveit og til slutt «Husmannsvise» som ein folketone etter Per Hundvin frå Lindås. Kort sagt svært stemningsfullt og glimrande framført !
Mange helsingar
Det vart så bore fram mange helsingar: Først ute var fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF), detter ordførar Astrid Aarhus Byrknes, leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland, ass. landbruksdirektør Dirk Kohlmann, adm. direktør i Treindustrien Heidi Finstad, Myklebusthaug Rederi v/ Torbjørn Storesletten, leiar i Hordaland Skognæringsforum Vidar Jørdre, FanAgro v/ Ove Frotvedt, Nortømmer v/ Jens Manger, Norges Bondelag v/ Frøydis Haugen, leiar i fylkesmannsgruppa i Kystskogbruket Merete Larsmon, Fusa kommune v/ Helge Ådland og Vestskog v/ Åsta Midtbø.
God mediadeking
Vestlandsrevyen, sjå innslag nr. 6 av totalt 12 denne dagen.
https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-vestlandsrevyen/DKHO99091316/13-09-2016#t=9m50s
Bergens Tidende, sjå side 1 og side 2
Avisa Nordhordland, sjå her
Avisa Strilen, sjå her
Pressemelding fra Treindustrien her