Egersund Havn kan få eigen tømmerkai
Publisert 11.01.2017
Det er stor trong for ein effektiv tømmerkai sør i Rogaland.
I dag møttes skogfolk og hamnefolk for å få vurdert ei løysing i Egersund. Drøftingane var lovande og ei avklaring er venta med det første.
Fleire dokumentasjonar peikar på Eigersund
Sintef-rapporten «Transport av skogsvirke i kyststrøk» frå 2011 peika på Eigersund kommune som ei viktig lokalisering for ein framtidig tømmerkai. Rogaland Skognæringsforum utarbeidde i 2013 rapporten «Aktuelle utbyggingsprosjekt av tømmerkaier i Rogaland». For «sørfylket» kom dei fram til følgjande konklusjon: «Det er hittil levert lite volum over Egersund havn, noko som i stor grad skuldast krevjande leveringsvilkår. I forhold til tyngdepunktet for skogressursane i Dalane vil denne kaien vere viktig og sentral både på kort og lang sikt».
Årsaka til «krevjande leveringsvilkår» er at skognæringa ikkje har eigen tømmerkai og må konkurrere med andre næringar om tilgang til kaifont. Dette har vist seg å vere vanskeleg i Egersund havn som har relativt stor trafikk også frå andre næringar.
Siste åra har kvantumet likevel auka mykje, i fjor vart det levert kring 40 000 kubikkmeter tømmer over hamna kunne havneinspektør Ove Romslo fortelje på møtet i dag. Skogbruksjef Hans Petter Tønnesen viste til ein årleg skogproduksjon i dekningsområdet på i overkant av 50 000 kubikkmeter tømmer. Vestskog opplyste på møtet at dei ser på Eigersund som ein svært eigna stad for tømmerkai og at ein eigen tømmerkai venteleg vil opne for eit større dekingsområde enn pr. i dag.
Fleire løysingar for ein tømmerkai
Dagleg leiar i Eigersund Næring og Havn Lars Kolnes opplyste på møtet at det er fleire aktuelle løysingar for ein tømmerkai i området. Underteikna orienterte om vilkåra for statleg støtte og presiserte at eit eventuelt tilskot frå staten ville kreve ein tinglyst framtidig bruksrett til tømmerkaia for skogeigarane i regionen.
Arbeidsgruppe
Møtet konkluderte med å setje ned ei eiga gruppe som snarleg skal får utarbeidd konkrete alternative løysingar for ein tømmerkai i Egersund havn. I gruppa vil sitje representantar frå både skognæringa og Eigersund Havn og Næring. Leif Arne Hellvik i Multiconsult vil vere sekretær for gruppa.