20 000 kroner til skogeigar for eit tre

Publisert 20.02.2017

Fjellfurua frå Sogn har fasinert mange i fleire hundre år. Ein ekte grynder med røter tilbake til stavkyrkjene har nyleg teke opp arven etter bestefar sin. Han heiter Ståle Loftesnes, er frå Sogndal og vil gjerne lage ditt draumebord av fjellfuru.  

Timbla er eit føretak i Sogn som bokstaveleg tala har teke opp arven etter forfedrane og lagar bord, benkar og innreiingar av grove gamle tre. Og etterspurnaden har vore stor fortel Ståle Loftesnes som her står klar med motorsaga. Har du eit grovt tre å selje eller vil du heller kjøpe eit bord må du ta kontakt med Ståle. Han betalar godt for råvarene og lagar praktfulle bord etter bestilling.
Foto Helge Kårstad

Ståle Loftesnes har saman med Per Kristian Liseter enormt tru på bedrifta dei nyleg har starta opp. Timbla er merkenamnet og produkta er spesialbestilte bordplater av gamle grove tre. Er du skogeigar betaler Timbla godt, – inntil kr 20 000 for grove gamle fjellfurutre. Men også gamle grove lauvtre er Loftenes interesserte i å kjøpe, desse kan dei betale endå høgare verdi. For kundane til Timbla vil gjerne ha dei heilt spesielle bordplatene, – og dei betalar godt.

Tasla rundt bestefar på saga
Ståle Loftesnes fortel: – “Eg er oppvaksen i Sogndal og er lidenskapeleg oppteken av råvarene vi har rundt oss. Allereie som liten gut fekk eg auga opp for snikkaryrket. Eg tasla rundt bestefar Einar, som starta eige sagbruk på Loftesnes i 1954. Eg vart fascinert over kva tømmer kan bli til, noko eg alltid vil vere fascinert over. Eg gjekk i lære hos Nævdal snekkeri i Bergen, kring år 2000 det største møbelsnekkeriet i Bergen. Johannes Nævdal lærte meg å jobbe tett med designarar og interiørarkitektar for å skapa delikate og skreddarsydde løysingar. Sidan har eg jobba med eigne prosjekt innan interiør og møbel. I dag blir Timbla langbord produsert på vår eigen snikkarverkstad på Kaupanger”.

Det blir knapt tid til ein kaffikopp for Ståle Loftesnes (t.v), her saman med skogeigar Nils Joachim Knagenhjelm.

Stor etterspørsel etter særeigne bord gjer at Timbla må utvide 
Alle foto: Helge Kårstad

Stavkyrkjene dokumenterar kvaliteten
Nokre av dei eldste sagbruka i Sogn og Fjordane kan daterast tilbake til 1600-talet. Vi veit òg at fleire stavkyrkjer er bygd med furu frå Sogn, mellom anna Kaupanger stavkyrkje frå kring 1190. Det er heller ingen myte at vikingane kom hit og henta treverk for å bygge skip. Og det må tilleggjast at materialane i mange av dei eldste trehusa i Bergen (særleg Bryggen og Sandviken) kjem nettopp frå Sogn. Høg kvalitet på fura frå Sogn saman med stor tilgang på furutømmer og kort veg frå skog til sjø var mykje av grunnen til at jektetrafikken med trelast inn til Bergen var stor i fleire hundre år.

Svært stor interesse i marknaden
Det har vore ei utruleg stor interese for produkta etter at vi nyleg gjekk ut i marknaden fortel Loftesnes. Sant å seie klarar vi ikkje å produsere nok, og vi treng å utvide lokala. For å få det gjort treng vi kapital (gjerne sponsorar) og dette er noko vi arbeider med akkurat no.
Eit av prosjekta som nyleg er gjennomførte er ved innreiing av Vinyl Bar i Kong Oscarsgate i Bergen.
Her er alle bord og bardisken laga av ask frå Sogn. Ja Loftesnes fortel at innreiinga frå akkurat dette treet har vakse i 128 år på eigedomen til Knagenhjelm på Kaupanger. Dagleg leiar Øystein Brandal i Vinyl Bar fortel at dei valde innreiinga til Timbla saman med veggmalerie for å skape den gode stemningen som akkurat dette historiske strøket i Bergen alltid har hatt. Dei flotte veggmaleria er utført Trine Helen Sejrup som er student ved Kunsthøgskulen i Bergen.

20 000 kroner for eit tre
Loftesnes oppmodar no skogeigarar på Vestlandet om å melde ifrå om dei har gamle grove fjellfuru (gjerne enkeltståande). Han vil så registrere desse, og når kunden er på plass vil han kontakte skogeigar for å avtale pris og framdrift av dei verdfulle trea. Han vil kappe trea på 3,3 meters lengde. Likeeins oppmodar han alle skogeigarar (i heile landet) som har gamle grove lauvtre om å ta kontakt for å få registrert treslag, dimensjon og mogeleg framdrift. Pris og levering blir avtalt når kunden er på plass. Og Loftesnes lovar å betale godt, inntil kr 20 000 for grove gamle furutre og endå meir for tilsvarande lauvtre. Men Loftesnes presiserar også at han gjerne kan lage bord, benker og innreiingar av mindre dimensjonar etter avtale.

Vinyl Bar i Kong Oscarsgate i Bergen. Med Torget og Korskirken som nære naboar ville eigarane av Vinyl Bar skape god gammal steming. Alle bord og bardisken er laga av asketre frå Sogn. Maleria er utført av Trine Helen Sejrup som er student ved Kunsthøgskulen i Bergen.
Alle foto: Helge Kårstad