Granfrø skal dyrkast i Granvin

Publisert 02.02.2017

Granvin er i ferd med å få etablert ein frøplantasje for gran, som skal sikra Vestlandetskog som gjev godt tømmer – om lang, lang tid.

På Vestlandet er det for tida ikkje frøplantasjar i produksjon. Skogfrøverket er på jakt etter nye stader, for å sikra at skognæringa får frø som er tilpassa klimaet i desse områda.

Det norske Skogfrøverk er i ferd med å inngå avtalar med to grunneigarar om å leiga eit 100 dekar stort område til frøplantasje. Området som er valt ut ligg på Flætena, nær Trå og Holven. Om nødvendige løyve kjem på plas,s kan arbeidet koma i gang til våren. Men det vil framleis gå rundt 20 år før det kan haustast frø frå trea som har vakse opp.

Sjå helie saka Hordaland Avis