Ny skogindustri på Vestlandet
Publisert 17.02.2017
Eit dotterselskap av Tschudi Shipping Company AS har utarbeidd planar for eit nytt sagbruk med foredling av biprodukt på Vestlandet. Føresett sluttfinansiering vil bygging av anlegget starte ved årsskiftet og produksjonen kan vere igang mot slutten av 2018 seier styreleiar Arne J Grønn i dotterselskapet.
Inntil 400 000 kubikkmeter sagtømmer
Sagbruket er planlagt med eit årleg forbruk av sagtømmer på inntil 400 000 fastkubikkmeter fortel Arne J Grønn som er styreleiar i dotterselskapet. Det er planlagt bygd med moderne sagbruksteknologi for fremstilling av tørka skurlast. Det er vidare planlagt at all ferdig tørka trelast skal eksporterast. Det er inngått ei 12 års salskontrakt med eit finsk eksportselskap med lang erfaring på marknadane i Asia og Nord-Afrika.
Sukker og vekstmedium
I tillegg til sagbruket skal det installerast ein produksjondel som skal ekstrahere sukkerstoff frå restvirket frå skurlastproduksjonen. Dette sukkerstoffet skal etter planen nyttast som ingrediens i produksjonen av kraftfor i Norge. Råstoffet til denne delen av produksjonen er primært biprodukt frå sagbruket (flis og sagflis). Men kapasiteten vil vere tilstrekkeleg til også å foredle massevirke/ rundvirke i eit omfang tilsvarende sagtømmerkvantumet. Den delen av flisa som ikke blir teke ut som sukkerstoff, er ei tremasse som kan brukast som vekstmedium til erstatning for torv, eller som eit tilnærma askefritt biobrensel. Prosessen er utvikla av Glommen Skog, Elverum.
Eit fabrikkskip
Produksjonsanlegget skal byggast på eit skip på drøye 50 000 tonn dødvekt. Det er også planlagt fleire lektarar for plassering av tørker, tømmerlager, ferdigvarelager og desse skal ligge inntil fabrikkskipet. Anlegget er planlagt bygd ved eit nederlandsk skipsverft. Det skal deretter plassert ved kai/ industriareal på ein eigna stad på Vestlandet. Endeleg lokalisering er enno ikke avklara, men eit fåtal alternativ vil bli vurdert i næraste framtid.
Henrik Falck i Tschudi Shipping Company AS seier i ein kommentar til Kystskogbruket at selskapet er tilretteleggar av prosjektet, og håper at anlegget blir realisert som planlagt i løpet av 2018.
Auka hogst på Vestlandet er avgjerande
Denne etablering ville ikke vere muleg utan den sterke auken i hogst av grantømmer på Vestlandet og tilsvarande prognosar framover. Mesteparten av tømmeret på Vestlandet blir i dag eksportert. – «Det planlagde sagbruket vil bli et konkurranseeffektivt alternativ til eksport, og medvirke til sikker avsetning også ved en ytterligere økning av hogsten på Vestlandet» avsluttar Arne J Grønn.