Vil ta det opp på landsmøtet

Publisert 20.03.2017

Næringspolitisk representant i Senterpartiet i Sogn og Fjordane Erlend Haugen Herstad er uroa over svært høge transportkostnader for tømmer i fylket. Vi treng ei midlertidig dispensasjonsordning seier Herstad, og vil ha saka opp på landsmøtet til Senterpartiet denne helga.

Senterpartiet og Erlend Haugen Herstad (i grønn jakka) set fokus på dei svært høge transportkostnader for tømmer på Vestlandet. T.v.skogeigar John Søgnen i Gaular og til høgre for Herstad tømmerbilsjåførane Gøran Kårstad i Kårstad AS og Anturas Setkus i Skogstrans AS.
Foto: Helge Kårstad

Kostar flesk
Tømmertransport på offentlege vegar kostar flesk på Vestlandet, i mange tilfeller over det doble av tilsvarande transportar på Austlandet. Ja i mange tilfeller er det ikkje lovleg å køyre med lass på bilen i det heile. No vil Erlend Haugen Herstad frå Naustdal i Sogn og Fjordane gjere noko med dette. Herstad er næringspolitisk representant for Senterpartiet i fylket, og er også medlem i den fylkeskommunale styringsgruppa for Kystskogbruket. – “Det vil venteleg ta fleire tiår før dei kommunale vegane er rusta opp slik at ein lovleg og permanent kan køyre med både bil og hengar og i mellomtida må vi finne ei løysing” seier Herstad.

Ei midlertididg dispensasjonsordning
Herstad viser til ferske tal som syner at kring 66% av dei kommuanle vegane på Vestlandet har ei tillate vogntoglengde på berre 12,4 meter. I praksis fører dette til kipping av tømmer og dette kostar både skogeigar og tømmertransportør svært mykje pengar. Ei midlertidig dispensasjonordning ville løyse dette meiner Herstad, som allerie har spelt inn saka til styret i Sogn og Fjordane  Senterparti.
Til helga er det landsmøte i Senterpartiet og Herstad vonar at saka også kjem opp der.

Frustrert skogeigar
Erlend Haugen Herstad møtte i dag skogeigar John Søgnen i Gaular og tømmertransportørane Kårstad AS v/ Gøran Kårstad og Skogstrans AS v/ Arturas Setkus. Begge transportørane viser til at moderne tømmervogntog er smidige og “snille” med vegen jamført med andre typar vogntog/ semitrailarar. Hogst og transport skjer også periodevis og kan i tillegg justerast til døgntider med liten annan transport.
Skogeigar Søgnen er svært frustrert over stoda. Skogen hans ligg langs ein kommunal veg med lovleg akseltrykk 6 tonn og vogntoglengde 12,4 meter. I praskis betyr det at transportøren knapt har lov å køyre med tom bil utan hengar langs denne vegen. Etter mange telefonar og epostar siste månadane til Vegdirektoratet i Oslo har han enno ikkje fått svar. -“I praskis kan eg ikkje drive skogbruk på garden min” seier Søgnen. 

Eit EØS-direktiv kan vere løysinga
Arild Åsen i Statens Vegvesen, Region Vest har i tidlegare møte med Kystskogbruket infomert om gjeldane retningsliner, – sjå  http://www.kystskogbruket.no/artikkel.cfm?ID_art=824.
Han har vist til  «EØS-direktiv 96/53/EF» som m.a.regulerer største tillatte dimensjoner for køyretøy og vogntog både i nasjonal og internasjonal trafikk. Direktivet tillet berre overskridingar av dei grense direktivet sjølv set i nokre få, svært spesifikke tilfeller. Eit av disse unntaka er transport med spesialvogntog når denne transporten er av ein slik art at den ikke føregår i konkurranse med internasjonal transport. Transport av tømmer er eit eksempel på slik transport. Så EØS-rettslig kan det spesielt tillatast innanlands transport av tømmer med større dimensjoner enn kva direktivet elles tillet. Derfor er det blitt tillete med større vogntoglengde for tømmertransport innafor EØS-avtalen i Norge.

Når direktivet «opnar» for å kunne tillate større dimensjoner for tømmertransport, og det ikke er i strid med  EØS-rettslege forpliktelsar, burde ein då ikke kunne tillate at det kan gjevast dispensasjon for tømmer ? ….spør mange.
Det er dette Erlend Haugen Herstad og Senterpartiet no vil ta opp.

Sjå oppslag om kippkøyring av tømmer her: http://www.kystskogbruket.no/artikkel.cfm?ID_art=4895
Sjå oppmodinga frå Senterpartiet og Skognæringa her