Meir planting etter hogst.

Publisert 28.04.2017

Avdelingsdirektør i Landbruks- og matdepartementet Ivar Ekanger oppmodar om meir planting etter hogst. Under ei felles skogsamling for Hordaland, Sogn og Fjordane i regi av landbruksavdelinga hos fylkesmannen rosa han Nortømmer og Vestskog for at dei no ville intensivere dette arbeidet.

Både Nortømmer og Vestskog fekk ros av avdelingsdirektør i LMD Ivar Ekanger (med bikkja) for å trappe opp arbeidet som sikrar at det blir planta etter hogst. F.v. Gunvor Krogh Harestad (Nortømmer), Ivar Ekanger, Jan Ivar Rødland (Vestskog) og Marte Storebø (Nortømmer).
Foto: Helge Kårstad

Brei og god deltaking
Skogansvarlege hos fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane hadde invitert til felles skogsamling i Balestrand denne veka. Det var ei svært brei og god deltaking både frå forvaltning og næring. Diskusjonane gjekk livleg. Mykje frustrasjon kom fram, men likevel var det ei gjennomgåande positiv haldning til å finne løysingar. Løysingar for ei fornybar grøn næring som ein knapt finn maken til. Samlinga var godt tilrettelagt, og det er tydeleg at slike felles samlingar blir viktigare og viktigare.

Diskusjonane om skogplanting og hogstmodenheit gjekk livleg, her frå utferden til Leikanger andre dagen. Skogforvaltninga i Sogn hadde førebudd eit spennande program saman med skogfolka hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Manglande planting etter hogst
Eit av hovudtema var manglende skogplanting etter hogst.
Kommunane i Norge er pålagt ein foryngingskontroll for å sjekke korleis hogstflater i Norge blir forynga, enten ved naturleg frøsetjing og/eller planting. Ahmed Siyad frå Landbruksdirektoratet viste statistikk der det kom fram at til at Vestlandsfylka kjem dårlegast ut i landet, ved at minst ein tredjedel av hogstarealet ikkje blir tilplanta. – «Dette er ikkje berekraftig», understreka Siyad og heller ikkje i tråd med skoglova. 

Nortømmer intensiverar arbeidet
Marte Storebø og Gunvor Krogh Harestad er nyleg tilsett i Nortømmer for spesielt å arbeide med meir skogplanting etter hogst. Ved alle hogstkontrakter som Nortømmer inngår, blir det no gitt eit tilbod om skogplanting på eige skjema. Det blir også informert om at dersom ikkje hogstflata blir tilplanta, må det søkjast omdisponering frå skogproduksjon.
Når skogen er hoggen, tek Storebø og Krogh Harestad telefonkontakt med skogeigaren og orienterar om plantebestilling og gjer nærare avtale om tilplanting. I ein del tilfeller tek dei kontakt med skogansvarleg i kommunen som så følgjer opp skogeigaren. Begge understreka at dette arbeidet no vil bli intensivert.

Vestskog har tilbode skogplanting lenge
Jan Ivar Rødland fortalde at Vestskog har gjeve tilbod om skogplanting ved kontraktskriving av alle skogsdrifter i mange år. Skogbruksleiar som inngår hogstkontrakten,  følgjer så opp skogeigaren i ettertid.
– “Også som samvirkeorganisasjon har vi brukt mykje tid på å informere våre medlemer (skogeigarane) om verdien av å plante skog. Vi brukar stadig meir ressursar på dette» sa Rødland.
Også Vidar Jørdre som er skogsjef i Vestskog understrekar at dei framover vil setje stadig meir trykk på dette. Det er viktig at ein over tid ikkje byggjer ned ressursgrunnlaget for granskogen.
– « Granskogen har etter kvart har vist seg å vere ein suksess på Vestlandet, svært god kvalitet og god produksjon og vi oppmodar skogeigarane sterkt om å plante etter hogst » avsluttar Jørdre.

Ros frå Ivar Ekanger
Avdelingsdirektør i Landbruks- og matdepartementet Ivar Ekanger minna om at skogeigaren sjølv er ansvarleg for at det blir planta skog etter hogst. Kommunane har ansvaret for å gjennomføre foryngingskontrollen. Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen samordnar og informerar kommunane om korleis dette skal utførast, og Landbruksdirektoratet mottek resultata frå alle kommunane i landet.
– “Ei tilfredstillande forynging etter hogst er også noko som no er lagt inn i sertifiseringa eller grunnlaget for å få løyve til å omsetje tømmer i marknaden (PEFS eller FSC)”  sa mellom anna Ekanger til ei lydhøyr forsamling.
Til slutt rosa Ivar Ekanger Nortømmer og Vestskog for å intensivere arbeidet med å sikre at det blir planta etter hogst.

Skogsamlingar i Norge har tradisjonelt vore svært mannsdominerte. Dette er no utan tvil historie. Under samlinga i Sogn deltok det heile 10 kvinner. F.v. Annbjørg Bue, Gunvor Krogh Harestad, Marte Storebø, Åse-Berit Nytun, Solfrid Trå, Merete Larsmon, Turid Digernes Eikås, Francesca Galdiolo og Trine Hilstad. Karen Weichert var ikkje tilstades då biletet vart teke.