Seminar om Vestlandskogen
Publisert 02.04.2017
VESTSKOG inviterer til seminar om industriell foredling av tømmer frå Vestlandet 7.april med tittelen: «Verdiskaping frå vestlandsskogen – grønt skifte eller tapte moglegheiter?»
Staden er Bergen og påmeldingsfrist er mandag 3. april.
Skogreisinga etter 2.verdskrigen er i ferd med å hausta frukter, og hogsten på Vestlandet er sterkt aukande. Ressursbasen er stor og mykje må eksporterast til andre land pga lite industri i Norge. Kan vestlandsskogane bidra til det grøne skiftet i Norge og verdiskaping på Vestlandet?
Dette er tema på konferansen i regi av Vestskog og der du elles kan høyre:
Stortingspolitikar (H) Toril Eidsheim
Adm. dir i Norges Skogeierforbund Erik Lahnstein
Professor ved NBMU Margareth Øverland
Industrigryndarane Henrik Falck, Arne Grøn og Hallvard Thommasen
Seminaret blir avslutta med ein paneldebatt.
Deltaking er gratis !
Påmelding seinast mandag 3. april.
Påmelding og program her: