Statsråd Jon Georg Dale møter Norsk Taubanelag
Publisert 05.05.2017
Den 29. og 30. juni held Norsk Taubanelag årsmøte og fagdag i Ørsta.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil delta fredag 30. juni kl. 12-14. Denne delen av programmet vil føregå ute, og det vil m.a. vil bli ein demonstrasjon av skogsdrift med taubane.
Norsk Taubanelag held årsmøte og fagdag på Sagafjord Hotell i Ørsta 29. og 30. juni. Ordførar i Ørsta Stein Aam vil opne arrangementet torsdagkvelden kl. 18.00. Det vil m.a. bli innslag av Jørn Lileng i Landbruksdirektoratet og oppfinnar Per Bø frå Sandnes vil orientere om utvikling av ei elektrisk taubane. Fredag morgon 30. juni vil det bli gjennomført eit kort årsmøte før fagdagen fortset ute kl. 12.00
Statsråd Jon Georg Dale deltek frå klokka 12 på fredagen
Norsk Taubanelag er så heldig å få vitjing av statsråd Jon Georg Dale fredag frå kl. 12-14. Taubaneentreprenør Vidar Rørvik vil demonstrere og orientere om skogsdrift med taubane. Rørvik Taubanedrift har hogge tømmer i Ørsta og Volda i over eit år, og totalt har firmaet drive fram noko i underkant av 30 000 kubikkmeter gran.
Per Gunnar Sande i Allskog sier at Røvik Taubanedrift har gjort svært godt arbeid, – både kvaltitetsmessig og ikkje minst har det vore jamt høg produksjon.
Håpar på mykje folk
Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik presiserer at ALLE interesserte er Velkomne til Ørsta, både på torsdag og fredag. – “Vi håpar at det blir svært mykje folk på fredagen kl. 12 når statsråd Dale skal orientere om utfordringar og løysingar ved skogsdrift i bratt terreng.” avsluttar Frivik.
Vi vil kome tilbake med nærare informasjon om stad for fagdagen. Dette er noko avhengig korleis skogsdriftene utviklar seg framover, men demonstasjonen vil etter planen bli ein stad i Ørsta.
HER kan du lese meir om programmet og melde deg på. Legg merke til at dersom du skal ha overnatting på Sagafjord Hotell må du ta kontakt med hotellet innan 12. mai