Namsos Tømmerkai i rute
Publisert 10.08.2017
Arbeidet på den nye tømmerkaia i Namsos (Kiskaia) starta opp i midten av juni. Eigar av kaia er Trondheim Havn KF og ein bruksavtale sikrar skogeigarane i regionen ein prioritert rett til bruk av tømmerkaia i framtida. Prosjektleiar Odd Helge Søraunet i Trondheim Havn opplyser at anlegget som kostar i underkant av 20 millionar kroner etter planen skal stå ferdig kring 1. november.
Status i Namsos idag
Arbeidet med tømmerkaia i Namsos starta opp i midten av juni. Hallingdal Bergboring har utført ei relativt komplisert fundamentering av pelar i lausmassar og fjell. Arbeidet er nyleg ferdig og prosjektleiar Magnus Veslegard i Hallingdal Bergboring fortel at arbeidet stort sett gjekk greit. Det er bora hol med diameter ca. 70 cm og ca. 1 meter ned i fjell under lausmasser. Deretter er stålrøyra (totalt 18 røyr) med tilsvarande diameter (ca. 70 cm) og med 1,25 cm godstjukkelse ferdig montert.
Hovudentreprenøren Sea Service As skal no armere røyra, fylle i betong og legge dekke på kaien. Etter planen skal tømmerkaien stå ferdig ca. 1. november.
Vanskelege grunntilhøve og nye eigarar
Kiskaia i Namsos var tidlegare ei kommunal kai og planlagt utvida fra 56 til 80 meter. Det vart gitt ei statlig løyving på 5,5 mill. kroner i 2014. Bruksavtalen som sikrar skogeigarane framtidig rett til å buke kaia vart tinglyst 24. november 2014.
Norconsult AS vart hausten 2014 engasjert av kommunen for vidare planlegging av tømmerkaia. Dei konkluderte med at det måtte ytterligere grunnboringar til, og desse vart ferdigstilt i juni 2015. På grunn av fare for utglidningar vart planane noko endra. Tømmerkaien er no planlagt bygd som ein rein pelekai. Dette har medført noko tilleggskostnader i høve til opprinnelig plan.
Eieransvaret er i 2016 overført til Trondheim Havn KF. Eigaskiftet får ingen konsekvens i høve bygging og drift av tømmerkaien og den tinglyste bruksavtalen er overført dei nye eigarane.
Ein tilleggsøknad til Landbruksdirektoratet hausten 2016 gav positivt resultat og den totale statlege løyvinga til tømmerkaien i Namsos er no ca. 9 millionar kroner. Resten av finansieringa er fylkeskommunal (ca. 1,8 millionar kroner) og eigenkapital frå Trondheim Havn KS. Prosjektleiar Odd Helge Søraunet i Trondheim Havn opplyser at totale kostnader vil ligge i underkant av 20 millionar kroner.
Inntil 160 000 kubikkmeter massevirke
Namsos er eit sentralt knutepunkt for relativt store tømmerressurser i regionen og det har vore brei støtte fra skogbruksnæringa til prosjektet. Dersom ein legg til grunn at massevirke frå alle Namdalskommunane går til kai i Namsos, vil det årleg gå inntil 160 000 kubikkmeter tømmer over den nye tømmerkaia. Kaiinvesteringa sikrar tilgang til sjøtransport og fører til lågare logistikk- og terminalkostnader for tømmertransporten.