Oppstart på tømmerkaien i Ørsta
Publisert 25.10.2017
Nyleg starta arbeidet med å bygge ny tømmerkai i Ørsta kommune i Møre og Romsdal.
Det skal byggast 85 meter ny kai i tilknytning til dagens kommunale kai Ørstaterminalen. Entreprenørfirmaet PEAB har hovudentreprisen og anlegget er venta å stå ferdig 18. april 2018.
Anlegget priortert av SINTEF
Sintef-rapporten «Transport av skogvirke i kyststrøk» (2011) prioriterte bygging av ein tømmerkai Volda som er nabokommunen til Ørsta. I ettertid har det vore vurdert ulike løysinger i begge kommunane og den einaste aktuelle plassering er i tilknytning til Ørstaterminalen i Ørsta kommune.
Ørsta kommune har søkt Landbruksdirektoratet om investeringstøtte fleire ganger og fekk til slutt (2016) ei løyving på 12,5 mill. kroner av ei total kostnadsramme på 17 mill. kroner.
Det er planlagt ei forlenging av kaifronten på 85 meter som primært skal nyttes til tømmer. Dette vil gi ei total lengde for kaifronten ved Ørstaterminalen på ca. 180 meter og vil gi mykje rom for sambruk. I dag blir det skipa ut ca. 30 000 kubikkmeter tømmer frå kommunene Ørsta og Volda og dette vil auke til årlig ca. 45 000 kubikkmeter i framtida.
Ferdig 18. april 2018
Nyleg gav Ørsta kommune oppdraget for bygging av den nye tømmerkaien til entreprenørfirmaet PEAB. Jan Olav Kaldhussæter i PEAB er prosjektleiar for tømmerkaien i Ørsta og sier at arbeidet er godt i gang og skal vere ferdig til 18. april 2018. Då skal også bakarealet vere ferdig asfaltert. Volda Maskin er engasjert til å fylle ut masser i bakareal og plastring mot sjø. Nordisk Fundamementering er engasjert til å utføre peling og betongarbeidet for pelar og dekke skal PEAB sjølv utføre. Noko av betongarbeidet (dragarar og kaidekke) vil bli prefabrikert ved PEAB sitt anlegg i Stranda.
Tømmerstokken toler ikkje fleire kostnader
Leiar i Volda og Ørsta Skogeigarlag Olav Svein Aambøe er glad for at arbeidet no er i gang, og ser fram til ein meir effektiv handtering av tømmerstokken. – «Ja vi å få slutt på ei kostbar framkipping til kaifront for tømmerstokken toler ikkje fleire kostnader» seier ein engasjert Aambøe. Han er også glad for at Norsk Virkesmåling har montert ein fotomålestasjon i tilknytning til anlegget. – «Dette vil venteleg medverke til også ei rimelegare og betre måling av tømmerstokken» avsluttar Aambøe.