Sjekk i toppen

Publisert 22.11.2017

Kystskogbruket har i samarbeid med Skogkurs under utprøving ein fagdag med fokus hogstalder og skogplanting etter hogst. «Sjekk i toppen på grantrea før du høgg» seier skogeigar Torbjørn Strand i Fjaler og presiserar at grantrea som folk flest legg på seg ovantil med alderen.

“Sjekk stammeform og krona i toppen av grana før du høgg” seier skogeigar Torbjørn Strand (t.v). Fagansvarleg Johannes Folkestad (t.h) i Fjaler kommune set stor pris på fagdagen som no blir utvikla. “Skogeigaren i skogreisingsområda må vite at granstammen må få legge på seg ovantil og utvikle sylinderform før ein høgg og at der ligg pengane. Ved å vente til skogen er skikkeleg hogstmoden kan ein gjerne doble skogeigar si forteneste ved hogst av skogen” seier Folkestad.
Alle foto: Helge Kårstad

Skogreisinga engasjerte stort før århundreskiftet. Denne skogen blir no etter kvart hogstmoden og skogreisaren skal bli skogbrukar. Kystskogbruket har i samarbeid med Skogkurs under utprøving ein fagdag med fokus når skogen skal hoggast og skogplanting etter hogst. Dette er del av ein kurspakke særleg mynta på skogeigarar på kysten. Siste vekene er denne fagdagen utprøvd i Rogaland, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland.

Fenga over heile spekteret
 «Så langt må må me vere svært nøgde, ja eg vil påstå at tema har fenga over heile spekteret» seier kursleiar Per Helle frå Tysvær i Rogaland. Og som kursleiar veit Per kva han snakka om.
For han har særdeles mykje erfaring i bransjen. Per starta som instruktør i Aktivt Skogbruk i 1979 og er dermed ein av dei mest erfarne instruktørane innan praktisk skogbruk i Norge i dag. Og nettopp Per har vore lærar på fagdagen som hittil er prøvd ut i Rogaland og Sogn og Fjordane.

Bjerkreim, Strand, Tysvær, Vinterlandbruksskulen, Førde og Fjaler
Per fortel engasjert at første fagdagen vart halde i Bjerkreim i Rogaland og der møtte 22 deltakarar. Deretter følgde Strand i Jørpeland (12 deltakarar), Tysvær (22 deltakarar) Vinterlandbruksskulen på Jæren (22 deltakarar). Siste veka har Helle halde to kurs i Sogn og Fjordane. Det første på Mo Jordbruksskule i Førde (20 deltakarar) og Fjaler (6 deltakarar).
Totalt noko i overkant av 100 deltakarar må seiast å vere svært bra. Per fortel at det har møtt folk som har god skogbruksfagleg bakgrunn, skogeigarar med mykje erfaring og ikkje minst skogeigarar som var «heilt blanke». Alle har vore like nøgde, og Per meiner difor at denne fagdagen bør utviklast vidare til eit permanent tilbod langs kysten.

F.v. skogansvarleg i Fjaler kommune Johannes Folkestad, instruktør i Aktivt Skogbruk Per Helle, skogeigar Torbjørn Strand, Tom Kristian Hestad Kårstad frå fylkesmannen og skogeigar Hans Stav.
“Du skal plante eit tre der du høgg eit tre” seier instruktør Per Helle til nokon av deltakarane på fagdagen i Fjaler. Han rosar skogeigar Hans Stav (til høgre) som har planta gran etter nyleg hogst i området.

Sjekk i toppen
På fagdagen i Fjaler møter vi m.a. skogeigar Torbjørn Strand som også er leiar i det lokale skogeigarlaget i Fjaler. – «Interessa for skogen har eg arva» seier Torbjørn og fortel at far hans planta kring 400 dekar gran på 1960 talet. Sjølv har han hogge ein del siste åra og seier at han har erfart at det løner seg stort å vente til grana er skikkeleg hogstmoden. – «Sjekk gjerne oppover stammen mot toppen» sier Torbjørn og minner oss med eit smil om at også grana legg på seg ovantil med alderen. Ja mange er så opptekne av enkelte grove tre som gjerne står i utkanten av felta. Men inne i bestandet skal du vente lenge før granskogen blir for grov. For frå kring 40 års alder legg grana stadig meir på seg oppover langs stammen. Det er der pengane ligg, og difor må vi vente til granstammen er synlinderforma. Sjekk også krona i toppen, så lenge den er grøn og kraftig tyder det på god vekst. Ja med unnatak av etter frøår, då kan den gjerne bli litt glissen» sier ein engasjert Torbjørn Strand til slutt.

Forsikre skogen din idag
På fagdagen vart det også sagt at grana må hoggast før vinden bles den ned. Svaret på dette er at sjølv om det har blese ned mykje verdfull skog i kystskogfylka, utgjer dette likevel ein svært liten prosent av den årlege tilveksten.
Svaret til skogeigarane er difor: Forsikre skogen din i og gjer det idag.
Ta gjerne kontakt med forsikringselskapet Skogbrand som er åleine på marknaden i Norge idag. Naturskadefondet kunne yte støtte etter vindfall inntil 2005, men dette er ikkje mogeleg idag.
Husk også at som skogeigar kan ein nytte avsette skogfondsmidlar til å betale premien.

Utprøving av nytt tilbod
Fagdagen er utvikla av Skogkurs i samarbeid med Skognæringa Kyst og fylkesmannsgruppa i Kystskogbruket.
Prosjektleiar Bjørn Einar Rakstang ved Skogkurs fortel at tilbakemeldingar frå deltakarane vil leggje grunnlaget for eventuelt vidare arbeid med eit meir permanent tilbod om fagdag. Kommunikasjonsansvarleg Torgunn Sollid i Skognæringa Kyst seier at responsen så langt er over all forventning og at det lovar godt for eit eventuelt fast opplegg i framtida.

Kontroll i plantefelt var tema på skogkurset i Fjaler. Kursleiar Per Helle svingar målestanga og tel opp tal planter innafor ein sirkel på 50 m2. Deretter multipliserar han med 20 og då får ein tal planter pr. dekar. I dette tilfelle viste målingae ca.180 planter pr. dekar, noko som er i grenseland men akseptabelt. Skal ein supplere noko er det viktig å ikkje vente mange år etter at første plantinga var gjennomført, – maksimalt 4 -5 år seier Per.