Lærling hos Kai i fjæra

Publisert 21.12.2017

Steve Mathiesen frå Larvik har utdanning frå båtbyggjarlinja ved Plus-skolen i Fredrikstad. Eg likar å arbeide med trevirke seier Steve. Dette året er han lærling hos Kai Linde i Rognanfjæra i Saltdal, etter mange si meining norske båtbyggjarar sin “fødestad”.

F.v. båtbyggjar Kai Linde og lærling Steve Mathiesen framfor ei tradisjonell utgåve av ein Ranabåt, i dette tilfelle av furu frå Saltdalen. Kai som har etablert båtbyggeri i Rognan har bygd kring 100 båtar, frå mindre spissbåtar til nordlandsbåtar i ulike storleikar.
Foto: Helge Kårstad

Med tru på båtbyggjaryrket
Det starta nokså tilfeldig seier Steve. Han ville først utdanne seg innan billakkering. Men han fann fort ut at det var feil satsing. Så fekk han seg plass på båtbyggjarlinja ved Plus-skolen i Gamlebyen i Fredrikstad. I over 30 år har denne skulen gjeve tilbod om VG2 utdanning for gullsmedar, skogmakarar og trebåtbyggarar. Etter grunnkursutdanninga må studentane på båtbyggjarlinja ut i arbeid, som lærling i 2 år ved ei båtbyggarbedrift. Steve fekk kontrakt hos Kai Lindes Båtbyggeri i Rognan, Saltdal kommune i Nordland. Dette har han ikkje angra på og rosar Kai for svært god opplæring. Steve har eit klart mål: Etter at lærlingetida er over og han har fått fagbrev, vil han prøve seg som reisande handverkar innan båtbyggjarfaget. Han tek gjerne oppdrag som å byggje nye båtar. Men ikkje minst vil ha ta på seg vedlikehald og opprusting av eldre trebåtar. – «Det er betre at eg reiser dit båtane fins, enn at ein skal koste mykje pengar på å frakte båtane til meg», avsluttar ein engasjert Steve Mathiesen.

Ein nybygd 8 fots pram frå Kai Lindes trebåtbyggeri.
Bygda Rognan i Nordland er sagt å vere båtbyggjarene sin “fødestad” i Norge. Kai Linde etablerte båtbyggeri i Rognan tidleg på 90 talet og vidareførte med det ein fleire år hundre år gammal tradisjon der bruken av trevirket frå Saltdalskogane var heilt sentralt.
Foto: Kai Linde

Båtbyggjarane sin fødestad.
Allereie frå midten av 1700-talet fortel pålitelige kjelder at saltdalingene hadde bygd seg opp eit renomé som dei «dyktigaste båtbyggarane i Nordlandene» og dette var ålment kjent. Nokon har også kalla Saltdalen for «båtbyggjarane sin fødestad». Heilt fram til 1900-talet var det konsentrerte miljøet av båtbyggeri på Rognan i Saltdal etter mange si meining det største i landet.
Grunnen til dette var dei gode og kvantumsrike furskogane i Saltdalen med sidedalar. Og båtbyggjarane var bønder og fiskarar. Elva og sjøen var ferdseslåra.

Kai Lindes Båtbyggeri
Kai Linde er fødd i Neustadt i Tyskland, i ein seglarfamilie ved Østersjøen. Interesse for båtar og sjøliv har han såleis fått inn med morsmjølka. I 1983 fekk Kai Linde plass på båtbyggerlinja i Saltdal. Etter skuletid bygde han sin første nordlandsbåt. 1985 tok han fagbrev i trebåtbygging. Deretter fekk Kai arbeid på Ebbes Bådebyggeri i Danmark. Turen frå Rognan til Danmark vart sjølvsagt utført med 3-roringen «Halskaren». I ettertid har han m.a. arbeidd ved Djupevåg Båtbyggeri i Hardanger og eit kortere engasjement på Skibladner i regi av Hardanger Fartøyvernsenter.
I 1991 flyttet Kai Linde tilbake til Saltdal og startet båtbyggeri i fjøsen. Inntil i dag har Kai bygd kring 100 trebåtar, frå mindre spissbåtar til nordlandsbåtar i fleire storleikar, den største ein Fembøring. Nokre av desse kan du lese om på nettsida til Kai.

Fembøring av nordlandsbåt, ca 40 fot og bygd av furu. Båten kan seglast/ roast med inntil 20 personer. Fembøringen er blitt svært populær siste åra, kring 20 nybygde båter er idag i bruk langs kysten.

Kai har også spesialbygd nordlandsbåtar for kapproing. “Dei er veldig flå og strak i botn, tilpassa roarane og sjølvsagt lettbygd” seier Kai. Denne båten har namnet Kristian Persa og er idag heimehøyrande i Troms.
Foto: Kai Linde

Tjærelukt og hammarslag
Kai Linde har saman med Åsmund Kristiansen også skrive boka «Tjærelukt og hammarslag».
I boka kan vi lese at det i Saltdalen vart bygd inntil 1200 klinkbygde småbåtar og 100 kravellbygde fiskeskøyter, ishavsskuter og andre fartøy på eit einaste år. Båtane vart bygde oppover heile bygda frå Rognan til Storalmenningen (i dag Statskog). Praktisk talt kvar eneste mann i Saltdal var båtbyggjar ved sida av at familien dreiv jordbruk og fiske. Bankinga frå klinkinga av båtane kunne ein høyre over heile dalen, og saman med tjørelukta medverka til å gi bygda særpreg i fleire hundre år. På det meste (kring 1900) skal det ha vore kring 250 båtbyggjarar i dalen og nede i Rognan.
Marknaden for saltdalsbåtane var særleg fiskerinæringa i Nord Norge og sjølvsagt Lofotfisket.
Under dei store fiskeria i Lofoten og utanfor Finnmark kunne dei som forstod seg på båtar sjå at dei fleste båtene var bygd i Saltdal. Båtene hadde vorte til i eit nøye samarbeid mellom fiskarar og båtbyggjarar. Saltdalingane brukte ofte sjølv båtane ein sesong på fiske før dei vart selde. Dette gav dei ei erfaring som nedfelte seg i båtene sin vakre, særprega og solide konstruksjon. Båtene vart svært sjødyktige og veleigna til sitt bruk.
Det vart sagt at dersom folk i Nord-Norge skulle klare seg uten saltdalsbåtane, ville det sjå ille ut for fiskeria i nord og trafikken med tørrfisk til Bergen. At båtbygginga i Saltdal følgjeleg hadde stor verknad for busetjing og livberging i Nord-Norge og særleg på 1800-tallet, kan lesast ut frå mange kjelder.

Rognan sentrum kring 1900 var ein travel stad i Nordland. Båtbygginga haddde nærmast alt å seie for utviklinga på denne staden rett nord for Saltfjellet. Men det er også dokumentert frå fleire hald at båtbygginga frå dei rike furuskoganei i Saltdalen hadde stor verkand for busetjing og livberging i heile Nord-Norge.
Foto; fylkesatlas

Om ringen blir slutta
Knapt nokon stad i Norge møter ein historia og notida innafor primærnæringane sterkare enn i Saltdalen. Båtbyggeriet til Kai Linde i Rognanfjøre er kjærkoment og viktig. Fokus på den særeigne naturen ved foten av Saltfjellet er m.a. godt ivareteke ved Nordland Nasjonalparksenter på Storjord øverst i Saltdalen.
Om ein tek ein avstikkar frå E6 i Saltdalen, om ein pratar med lokalfolk, om ein googlar Saltdalen på nettet eller rett og slett les i boka til Kai Linde, oppdagar ein ei historie som knapt kan forståast i dag. Ei historie om korleis ein nytta naturen til beste for folk og dyr, om tradisjonar og industriutvikling, om pågangsmot og ikkje minst om trua på framtida. Ja også ei historie om bonden, skogeigaren og fiskaren. Eller som Peter Schnitler fortel i sine grenseeksaminasjons-protokoller frå 1743; «disse saltværingene baade til sjøs og til land er et hurtig, arbeidsomt og modig folk»

Kai og fleire har utretta mykje for å vidareføre dette heilt særeigne. Men ein er ikkje i mål. Kanskje også denne unike nasjonale historia bør koplast til eit allereie godt fungerande nasjonalparksenter for Nordland på Storjord. Det ville raskt gi nytt innhald til lærlingen Steve, til båtbyggjaren Kai, til bruk og vern av skogen, til veifarande og turistar gjennom Saltdalen, og ikkje minst til innbyggjarane i denne unike dalen midt i Norge. Då ville ringen på eit vis vere slutta.

Deler av Junkerdalsura Naturreservat på ca. 13000 dekar ved utløpet av Junkerdalen til Saltdalen. Furuskogen i Saltdalen med sidedalar har vore sentral i båtbygginga og heile næringslivet i Saltdalen i fleire hundre år. Nordland Nasjonalparksenter formidlar naturen i Junkerdalen på ein svært god måte. Kankje bør også båtbygginga i dalen koplast opp til dette senteret ?

Skogbruksjef Ørjan Alm i Saltdal kommune fortel at skogplantinga av gran i Saltdalen, saman med furskogen årleg vil produsere inntil 70 000 kubikkmeter tømmer fram mot 2040. Ein var tidleg ute med skogskjøtsel og skogplanting i denne dalen. Grunnen til dette var båtbygginga. Ja allereie midten på 1700 talaet var skogane i Saltdal i så dårleg forfatning av det vart sett igang tiltak (tømmerskatt) for å hindre ytterlegare uthogging av furuskogen.
Alle foto: Helge Kårstad