Mest fornøyd
Publisert 02.01.2018
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale seier til avisa Nationen 18. desember 2017: «Det jeg er mest fornøyd med de to siste årene er det vi har fått til i skogpolitikken». Vi er mange i skognæringa som er godt nøgde med det same.
Som prosjektleiar innan infrastruktur i Kystskogbruket har eg hatt glede av å delta under denne positive prosessen dei siste åra. Men det kan vere naturleg med eit tilbakeblikk:
Som ung student på Ås på 1970-talet fekk eg mange klapp på skuldra fordi skogen voks så eventyrleg godt på Vestlandet. Det vart eg jo stolt av. Men kvar gong eg kom heim igjen til Vestlandet, høyrde eg at transportkostnadane for tømmer var himmelhøge, ja 2-3 gangar meir enn austanfor. Og det var drepande for næringa.
Til mi noko tvilsame glede høyrde eg også stadig oftare at transportkostnadane til norsk skogindustri også på Austlandet var for høge, som vanleg i høve til svenskane og finnane. Dette ropet frå heile skogæringa i landet om kutt i transportkosntader forsterka seg mot slutten av hundreåret og langt uti det noverande. Ingen var nøgde med staten si oppfølging på dette området.
Kystskogbruket kom på banen litt ut i det nye hundreåret, – i ei tid då mange meinte skogbruket langs kysten var i ferd med å bli gløymt. Ja det vart sagt at vi mangla ein heilheitleg skogpolitikk og skogpolitikken var ikke innretta på dei særeigne utfordringane i kystskogfylka. Ja signala frå grasrota hadde kome både her og der, men ein hadde ikkje blitt høyrt og ingen var nøgde. Skogreisinga hadde vore ein suksess, men kva no?
Så samla kystskogfylka seg om den første Kystskogmeldinga i 2008 og konklusjonen var dokumentert og klar: Infrastrukturen er for dårleg, vi manglar skogsvegar, vi har for dårlege offentlege vegar og vi manglar effektive tømmerkaiar. Resultatet er drift- og transportkostnader for tømmer som er mykje for høge langs kysten jamført med i innlandet. Staten må i mykje større grad delta for å medverke til ei betring.
Så skjer det som knapt nokon hadde venta. Ei ny regjering frå 2013 med landbruks- og matminister frå Framstegspartiet framsnakka skogbruket i beste sendetid på NRK og følgde opp med auka løyvingar til skogsvegar og tømmerkaiar. Ja Sylvi Listhaug tok igjen ordet «skogsveg i bruk» og gravla ordet «Inon». Skogbruket og skognæringa i heile landet jubla!
Igjen skjer noko uventa i desember 2015: Ein ny Møring, denne gongen frå Volda, etter mange si meining sjølve hovudsetet for nynorksen i landet kom inn i sjefstolen i Landbruks- og matdepartementet. Etter kvart vart vi positivt overraska over den unge karen. Ikkje berre for nynorsken og taleevna, men også fordi han imponerte med ein skogfagleg kunnskap so ein kunne tru han hadde hurtiglada på skoglinja på Ås.
Og Dale vidareførte den gode starten til Listhaug. I dag kan vi seie at desse to tilsaman har bidrege til at det siste 5 åra er løyvd og investert kring 250 millionar kroner i tømmerkaiar fordelt på 17 kommunar frå Mandal til Lenvik i Troms. Dette gir kutt i logistikk- og terminalkostnader mellom 15 og 50 kroner pr. kubikkmeter eller tilsvarande mellom 5 og 15% av gjennomsnittleg førstehandsverdi av tømmeret.
I tillegg til dette er løyvingane til skogsvegar dobla. For kystskogfylka dreier det seg om totalt ca. 100 millionar i ekstra investeringar dei 5 siste åra. Igjen gir dette kutt i driftskostnader, gjerne 50 kroner pr. kubikkmeter for kvar kilometer ny skogsbilveg.
Totalt har staten over LMD sitt budsjett sterkt har medverka til ekstra investeringar i infrastrukutur i kystskogfylka kring 350 millionar kroner dei 5 siste åra. Det er mykje!
Det er kanskje ikkje så rart at Jon Georg Dale i sitt førstesidersopplag i avisa Nationen 18. desember 2017 uttalar følgjande. – «Det jeg er mest fornøyd med de to siste årene er det vi har fått til i skogpolitikken. Det er stor optimisme i skognæringen mange steder og avvirkningen går opp. Vi har ikke bare skogen stående, men skaper verdier av den».
Ja Kystskogbruket og skogindustrien i Norge har blitt høyrd av dei to siste landbruksministrane, og er på sett og vis så langt svært godt nøgde. For orden skuld; det står sjølvsagt andre, gamle og nykomne utfordringar og ventar. Men alt til si tid.
Så uansett, – ein landbruks- og matminister som til dei grader framsnakkar skogbruket og leverar det som Kystskogbruket og heile skognæringa har etterpurt i fleire tiår stå det stor repekt av. Vi er mange som er svært godt nøgde.
Godt Nytt År !
mvh
Helge Kårstad
Infrastruktur i Kystskogbruket