64 millionar kroner til nye tømmerkaiar
Publisert 25.09.2018
Åtte tømmerkaier fekk igår tilsaman 64 millionar kroner i tilskot frå Landbruksdirektoratet. Kaiane er viktige både for å kutte transportkostnader og mange stader avgjerande for at skogeigarane i det heile skal kunne drive eit rasjonelt skogbruk.
Tømmerkaiane som no har fått tilskot ligg i Mosjøen, Nærøy, Orkanger, Skodje, Fjaler, Sauda, Arendal og Drammen.
282 millionar kroner frå staten
Sjøtransport av tømmer er miljøvenleg og ofte einaste måten for å få transportert skogvirket fram til skogindustien i Norge eller til utanlandsk skogindustri. Denne regjeringa har satsa sterkt på å medverke til å bygge ut tømmerkaiar. I perioden 2012-2018 er det gitt tilsaman 285 millionar kroner til 23 kaiprosjekt. Staten har gitt inntil 80% av totalkostnaden ved kvart anlegg fordi ein ser på dette som ein del av det offentlege vegnettet i Norge. Det har dessutan vore ei tverrpolitisk semje om å få meir av tungtrafikken frå veg til bane og sjø.
Åtte tømmerkaier har fått tilsaman 64 millionar kroner i tilskot frå Landbruksdirektoratet. Kaiane er viktige både for å kutte transportkostnader og er mange stader avgjerande for at skogeigarane i det heile skal kunne drive eit rasjonelt skogbruk.
Tømmerkaiane som no har fått tilskot ligg i Mosjøen, Nærøy, Orkanger, Skodje, Fjaler, Sauda, Arendal og Drammen.
Prioritert i to Kystskogmeldingar
Kystskogbruket har prioritert ei utbygging av infrastruktur i kystskogfylka i 2 Kystskogmeldingar (2008 og 2015). Bakgrunnen har vore at kystskogfylka har relativt sett den sterkaste auken i hogstkvantumet i landet på grunn av skogreisinga etter krigen. Samtidig har fleire av kystskogfylka hatt dei høgaste transportkostnader for tømmer i landet, – ofte kring det doble av i innlandet.
Her kan du lese meir om årets tildeling av tømmerkaimidlar: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/infrastruktur/tommerkaier/64-mill-kroner-til-utvikling-av-t%C3%B8mmerkaier