Vil følgje opp Kystskogbruket
Publisert 27.11.2018
Sogn og Fjordane Fylkeskommune støttar oppfølginga av Kystskogmeldinga 2015 med kr 600 000 på lik linje med alle dei 9 fylkeskommunane frå Agder til Finnmark.
Oppfølgingsarbeidet er i hovudsak planlagt som eit fireårig samarbeidsprosjekt retta mot skog- og trenæringa langs kysten
Forrige veke løyvde Hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane 375 000 kroner til oppfølging av Kystskogmeldinga 2015. Oppfølgingsarbeidet er i hovudsak planlagt som eit fireårig samarbeidsprosjekt frå 2016 til 2021, retta mot skog- og trenæringa i kystskogfylka.
Gode resultat
Erlend Haugen Herstad (SP) sit i Hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane, og er også medlem av den felles fylkeskommunale styringsgruppa i Kystskogbruket. Herstad seier at felles arbeid kring prioriterte tema i skognæringa i kystskogfylka er både viktig og interessant og legg til : – Det har utvilsomt gitt gode resultat, også for Sogn og Fjordane. Det er berre å minne om utbygginga av tømmerkaiane i Kaupanger, Eikefjord og Fjaler. I tillegg har arbeidet i Kystskogbruket utan tvil medverka sterkt til auka fokus og statleg medverknad for utbygging av skogsvegar. I runde tal snakkar vi her om totale private- og offentlege invetsteringar i storleiksorden 100 millionar kroner berre dei siste åra»
Alle fylka frå Agder til Finnmark
Etter ein søknad fra Kystskogbruket i 2016 om kr 600 000 til felles prosjektet retta mot skog- og trenæringa, valde Sogn og Fjordane Fylkeskommune å gi tilsagn om kr 225 000 for dei to første åra i prosjektet. Med dette har alle dei 9 fylka frå Agder til Finnmark støtta å følgje opp Kystskogmeldinga 2015.
3-part samarbeid
Kirsti Haagensli i Trøndelag fylkeskommune seier at i tillegg til fylkeskommunane, legg skognæringa ned betydelege eigne ressursar som matcher den fylkeskommunale delen i å følgje opp Kystskogmeldinga. Både overbygninga Skognæringa Kyst og dei fylkesvise skognæringsfora deltek aktivt i arbeidet. Fylkesmennene bistår med faglege råd, og tar utviklingsansvar i kraft av si rolle i det regionale partnarskapet. Der det er naturleg, vil andre aktører bli inviterte og utfordra konkret på å bistå i oppfølgingsarbeidet.