Trepartsamarbeidet i Kystskogbruket
Publisert 01.01.2019
Trepartsamarbeidet i Kystskogbruket har vore samla på Gardermoen i 2 dagar. Klimaskog, skogvern, truslar mot sitkagran, kommunevegar, innovasjon og trebruk har vore sentrale tema.
Trepartsamarbeidet i Kystskogbruket er viktig og på mange måtar unikt i norsk næringssamanheng.
I løpet av dei siste 10-året har samarbeidet utvilsomt medverka til betre rammevilkår for skognæringa, særleg innafor infrastruktur.
Samarbeidet består av Skognæringa Kyst (bedriftene), fylkesmennene (fylkesmannsgruppe) og fylkeskommunane (gjennom Felles fylkeskommunalt oppfølgingsprogram).
Tema for denne samlinga var m.a. skogvern, klimaskog, utanlandske treslag (sitkagran og lutzgran), infrastruktur (kommunevegar), innovasjon og trebruk.
Landbruksdirektoratet v/ Torleif Terum orineterte m.a. om tema kring skogbruk/ skognæring i den nye regjeringsplattforma.
Fylkesmannsgruppa under leiing av fylkesskogmeister Stein Bomo (Rogaland) held delvis separate møter, der m.a. Bjørn Einar Rakstang frå Skogkurs orienterte om innhaldet i kurstilbodet «Kompetansepakken».