Sitka-støtte frå KrF til Kystskogbruket

Publisert 04.02.2019

Næringspolitisk talsmann i KrF Steinar Reiten seier at sitkagrana kan bli eit viktig reiskap i verktøykassa for å nå klimamålet gjennom økt karbonbinding.
Foto: Ketil Blom Haugstulen
Næringspolitisk talsmann i KrF Steinar Reiten seier at sitkagrana kan bli eit viktig reiskap i verktøykassa for å nå klimamålet gjennom økt karbonbinding. Foto: Ketil Blom Haugstulen
«Nå får skognæringa langs kysten støtte fra et regjeringsparti» skriv avisa Nationen i dag. Næringspolitisk talsperson i Kristeleg Folkeparti meiner sitkagran kan vere positivt for norsk klimakamp og for skognæringa på Vestlandet og i Nord-Norge.

Næringspolitisk talsmann i KrF Steinar Reiten seier at sitkagrana kan bli eit viktig reiskap i verktøykassa for å nå klimamålet gjennom økt karbonbinding.
Foto: Ketil Blom Haugstulen

Det var avisa Nationen som før helga skreiv om sitkagran (Picea sitchensis) i eit 5 siders oppslag.
I ei oppfølging idag både på nett og i avis, støttar næringspolitisk talsperson Steinar Reiten i KrF innspela frå Kystskogbruket. Reiten framhevar sitkagrana både som verktøy i klimakampen og som eit framifrå industritreslag.

To tanker i hodet

«Når Naturvernforbundet og miljøinteresser kun fokuserer på sitkagran som et problem, så mener jeg det er mangel på å ha to tanker i hodet samtidig. Hvis vi ikke klarer å nå målene om å binde CO2 og motvirke en økning av klimagassutslipp, så vil tapet av det biologiske mangfoldet bli enormt» sier Reiten.

I eit fyldig oppslag i avisa Nationen fredag 1. februar fortel tidlegare skogforskar Bernt-Håvard Øyen og nestleiar i Skognæringa Kyst Olaf Gjedrem om sitkagrana sine unike eigenskapar, både produksjonsmessig og kvalitetsmessig.
Foto: Siri Juell Rasmussen


Sjå heile oppslaget om sitkagran her
Sjå heile oppslaget om KrF si støtte her