Han skapte ei næring

Publisert 24.03.2019

Per Arne Rahka har vore skogreisingsleiar i Hamarøy. I dag er haustinga av skogreisingskogen starta, og dette gjev både arbeid og gode inntekter til mange. Takka vere skogreisingsleiaren på Hamarøy og likeeins i eit par hundre kommunar i landet. Skogreisingsleiaren, ein slags Isak Sellanraa som i Markens Grøde vil mange hevde. Han skapte ei næring.

Tidlegare skogreisingsleiar Per Arne Rakha er imponert over tømmerlunnene etter hogsten ved Hamsun på Hamarøy denne vinteren. Her ligg ca. 3000 kubikkmeter granvirke som blir frakta ca. 4 mil til tømmerkai på Drag i Tysfjord.
Foto: Helge Kårstad

Den første skogreisingsleiaren
I dag møter vi grøne skogar i bygda Hamsund i Hamarøy kommune i Nordland. Nyleg er det hausta 250 vogntog med tømmer. Tømmer som skogreisingsleiarane fekk planta etter krigen. Og det var nettopp i desse traktene Knut Hamsun skreiv mykje av Markens Grøde, ei bok om optimisme og tru på ei framtid under karrige, nøysame kår etter 1. verdskrig. På eit vis kan Isak Sellanraa i Hamarøy også representere den første skogreisingsleiaren, han også skulle byggje landet etter krigen. Ikkje på innmarka, men ute i skogen. I snart 70 år etterpå har skogsjorda produsert, og i desse dagar gjev den tømmer, grøde og innkome til mange personar i skognæringa. Men utan skogreisingsleiaren hadde dette aldri skjedd, verken på Hamarøy eller andre stader i landet.

Skogreisingskog ved bygda Hamsun under fjellet Hamarøyskaftet. Fjellet har alltid vore eit kjent landemerke for fiskarar på Lofothavet og er idag eit populært klatrefjell.
Foto: Helge Kårstad

Sponheimkløfta øydeleggjande
Per Arne Rahka starta som skogreisingsleiar i Tysfjord i 1985. Raskt vart tittelen endra til skogmeister og i 1989 fekk han ansvar for både Tysfjord og Hamarøy. Siste tida har han hatt ansvar for skogplanting og ungskogpleie også i Steigen kommune, og har følgjeleg arbeid i 3 kommunar, ofte kalla Nord-Salten.
– «Det var svært stor aktivitet med skogplanting den gongen, ja igrunn heilt fram til tidleg på 2000 talet» fortel Per Arne. Og minner om at dåverande landbruksminister fjerna all støtte til skogplanting i Norge, med dei følgjer at både skogplanting og skogplanteskular vart nedlagt. «Sponheimkløfta» kallar mange resultatet av dette merkelege tiltaket av ein minister med aner frå bondelandet. – «Igrunn har det aldri teke seg skikkeleg opp igjen» legg Per Arne til med eit sukk. Men med eit glimt i auget seier han optimistisk at stadig fleire no har fått auga opp for kor viktig skogen og fotosyntesen er for klima. Ja sjølv ein minister kan altså ta så grundig feil, vil vi legge til.

Kommunale skogsarbeidarar
Frå 70-talet og fram til århundreskiftet hadde kommunane i Nord- Salten tilsette skogsarbeidarar, ein i kvar kommune. Om sommaren fungerte desse som arbeidsleiarar for skuleungdom som planta skog. Ellers i året dreiv dei med skogsrydding, ungskogpleie og noko hogst. Også dette fungerte svært godt, heilt til ministeren stoppa det heile tidleg på 2000-talet. Systemet med kommunalt tilsette skogsarbeidarar kjenner vi igjen i mange kommunar i alle kystskogfylka. Det er også fortald mange historier om kor lønsamt dette arbeidet var. Lønsamt fordi desse kommunale skogsarbeidarane også medverka til hogst av både tømmer og ikkje minst ved for sal. Gjengroing av lauvskog i landskapet var ikkje noko tema den gongen.

 

Det var entreprenørfirma Vestrerålen Skogsdrift som hadde oppdraget med hogst av ca. 10 000 kubikkmeter grantømmer i Hamarøy denne vinteren. Godt veir, godt føre og ikkje minst godt lys på hogstmasiner og lassberar gjer til at vinterdrift i skogen eignar seg godt i Nordland.
Foto: Stig Rognan

Pilotprosjektet på Drag i Tysfjord
I 2010 vart det det med støtte frå Landbruksdirektoratet, Nordland fylkeskommune, Norwegian Crystallites, (no Quartz Corp) og Tysfjord kommune sett i gang eit pilotprosjekt for utbygging av ein tømmerkai på Drag i Tysfjord. Dette var eit utprega fleirbruksanlegg, og bruksavtalen som vart utarbeidd den gongen har seinare danna mal for snart 30 tømmerkaier langs kysten som er utbygde og har fått statleg støtte. Mange meiner at pilotprosjektet på Drag har vore utløysande for den store aktiviteten kring tømmerkaiutbygging i Norge som har skjedd i ettertid, og fram til i dag.
Per Arne fortel at skogbruksjef Gjermund Laxaa i Nord-Salten allereie i 2009 hadde utarbeidd ein plan for utbygging av tømmerkaier i regionen, og det var mykje av grunnlaget for at pilotprosjektet kom i gang på Drag. Det var då ein føresetnad at dekningsområdet til denne tømmerkaien var nettopp Hamarøy og vestsida av Tysfjord.

“Invild” frå reiarlaget Myklebusthaug/ Hordaland lesser ca. 4000 kubikkmeter tømmer 28. februar på Drag i Tysfjord. Det var Allskog som omsette dette tømmeret frå Hamarøy. Lasta skulle oppprinneleg gå til Elkem Salten, men vart etter endring levert til Skogn i Trøndelag. Tømmerkaier opnar for smidige transportløysingar sjøvegen, og fram til skogindustri.
Foto: Per Aren Rahka

Skogen veks mens mannen søv
Per Arne meiner at framtidig hogstkvantum i Nord-Salten vil årleg vere inntil 60 000 kubikkmeter gran. Til tømmerkaien på Drag var det årleg rekna inntil 30 000 kubikkmeter tømmer av gran.
Tømmer frå Nord-Salten vil følgjeleg ha ein årleg førstehandsverdi på inntil 21 millionar kroner. Alt tømmer frå regionen går i dag til nasjonal skogindustri, særleg til Elkem Salten og Moelven van Severen i Namsos. Kvaliteten på flisa frå tømmeret som blir levert til Elkem Salten er viktig for å sikre god kvalitet på sluttproduktet silisium. Flisa er også ei karbonkjelde på lik linje med trekol som blir nytta i produksjonen. Sluttprodukta hos Moelven er særleg trelast til husbygging og frå Elkem blir silisium nytte m.a. til halvleiarar, optiske linser, optiske fiber, belysning keramikk m.m. Legg vi som eit minimum til grunn ein verdiskapingsfaktor på 10 (for skurtømmer til Namsos og flis til Elkem), kan vi rekne med at tømmer frå Nord-Salten årleg utgjer ei verdiskaping inntil 200 millionar kroner. Pengar som aldri hadde blitt skapt i Salten utan ein Isak frå Sellanraa, – utan ein skogreisingsleiar.
Per Arne fortel om tidlegare tiders optimisme og nemner spesielt Ørnulf Kibsgaard som dyktig fylkesskogsjef i Nordland frå 1995. Kibsgaard er i dag pensjonist og bur i Risør og har m.a. nyleg skrive ei bok om sitkagran. Per Arne refererar gjerne Ørnulf sitt utsagn;- «Skogen veks mens mannen søv». Betre kan det vel ikkje seiast. Fins det noko liknande verdiskaping enn tømmer frå skogen, så klimavenleg, miljøvenleg, fornybar og berekraftig ?

Frodig skoglandskap frå Hamarøy. Samanlikna med Vestlandet, er det nok ofte betre skogterreng dei fleste stadene i Nordland
Foto: Helge Kårstad

Ei næring er skapt
Ringen er slutta. Nyleg vart det hogge 10 000 kubikkmeter tømmer i Hamarøy og tømmeret vart levert til tømmerkaien på Drag. Per Arne seier det har vore svært gjevande å sjå resultat av skogreisinga. Resultat av fleire generasjonars arbeid, frå dei første eldsjelene som skulle bygge landet etter krigen til dagens skogeigarar som av og til burde sjå litt i sladrespegelen ! For er dei like flinke å plante skog i dag?
Vi takkar for ei stor skogoppleveing i Nord- Salten, og ser at arbeidet til skogreisingsleiaren Per Arne Rahka med fleire no blir ført vidare. Ei næring er skapt.