Mange nye arbeidsplasser i distriktene

Publisert 04.03.2019

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud gjer seg klar til å opne Strømsvika Tømmerkai i Mandal. Til venstre i bildet hamnesjef Olav J. Neset med gode råd til ministeren. 
Alle foto: Helge Kårstad
Landbruks- og matminister Bård Hoksrud gjer seg klar til å opne Strømsvika Tømmerkai i Mandal. Til venstre i bildet hamnesjef Olav J. Neset med gode råd til ministeren. Alle foto: Helge Kårstad

Historisk satsing

Mykje folk var tilstades då tømmerkaien i Sørlandet si nye hamn i Strømsvika ved Mandal vart opna av landbruks- og matminister Bård Hoksrud torsdag 18. oktober. Med sol frå klår himmel og svært god tilrettelegging av hamnesjef Olav J. Neset, vart opninga ei hyggjeleg oppleving med m.a. mange gode talar om skogbruk og infrastruktur.

Hoksrud minna om at denne regjeringa har levert ei historisk satsing på å betre rammevilkåra for skogbruket. I perioden 2014-2018 er det løyvd tilsaman 760 millionar kroner til skogsvegar og kaianlegg. – «Dette gir grunnlag for å øke produksjonen og lønnsomheten i næringa, samtidig som det gir mange nye arbeidsplasser i distriktene» sa Hoksrud mellom anna.

Tømmerkaien først

Det var allereie i 2012 at Mandal kommune starta arbeidet for å prøve å finne eigna areal til ei ny hamn utanfor byen. Mange framheva under opninga eit godt tempo i såvel planlegging som utbygging, og rosa m.a. skognæringa og Kystskogbruket som aktive medspelarar for å få fram dette viktige prosjektet. Tømmerkaien vart på eit sett utløysande for den nye hamna i Mandal.

I dag er det venta fleire nye etableringar i Strømsvika, og hamna vil ikkje minst bli bli sentral i nye Lindsnes kommune. På austsida i hamna er det muleg å byggje ca. 800 meter kaifront.

Sentrale personar ved utbygginga av Strømsvika Tømmerkai. F.v. styreleiar i Tømmerkaia AS Hans S. Stusvik, Landbruks. og matminister Bård Hoksrud, styreleiar i Mandal Havn KF Ove Nodeland og ordførar i Mandal Alf. Erik Andersen. I bakgrunnen tømmerkaien og første skip (frå reiarlaget Arriva Shipping, Ølen i Rogaland) med tømmer som denne gongen skal til Tyskland.

Tungtrafikken ut av byen

Strømsvika tømmerkai har ein kaifront på 120 meter og eit asfaltert bakareal (inkl. kaiplate) på ca. 25 dekar. Det vil årleg gå inntil 200 000 kubikkmeter tømmer over kaia, som difor vil vere mellom dei største tømmerkaiane i Norge. Ein tinglyst avtale sikrar skogeigarane i regionen ein framtidig bruksrett til tømmerkaia. Denne tinglyste avtalen sikrar også skogeigarena ei kaileige som gjenspeilar at det er gjeve ca. 28 millionar statlege kroner til utbygginga med føremål utskiping av skogsvirke/ tømmer.

I tillegg til at tømmerkaien er viktig for skogbruket i Agder, er både kaien og den nye hamna i Strømsvika viktig for alla kommunane i Lindesnesregionen. Den nye hamna er ikkje minst viktig for Mandal by som no vil sleppe mykje tungtrafikk gjennom byen, inntil 4000 tømmertransportar i året.