Skogbruk avgjerande for ny hamn

Publisert 14.03.2019

Hans Benjaminsen i Risøyhamn byggjer ny fleirbrukshamn til 25 millionar kroner. Utan regjeringa si satsing på tømmerkai hadde denne nye hamna aldri blitt bygd no seier Benjaminsen. Hamna vil stå ferdig 4. kvartal 2019.

Den nye fleirbrukshamna ligg i vakre omgivelsar i Risøyhamn på Andøya, – i bakgrunnen Skjoldehamn.
F.v. handesstad- og kaieigar Hans Benjaminsen og t.h. byggherren sin representant på byggeplassen Viggo Lidahl.
Alle foto: Helge Kårstad

Tømmerkaier under utbygging
Det er stor aktivitet når det gjeld tømmerkaibygging i kystskogfylka. Det påtår arbeid i Egersund, Sauda, Granvin, Fjaler, Skodje, Orkanger, Mosjøen og Risøyhamn lengst i nord.

Risøyhamn skildra anno 1760
Det er eit nydeleg vårveir på Andøya då vi besøkte Risøyhamn forrige veke.
I boka «Nordlandske handelssteder» er eigarane av Risøyhamn skildra heilt tilbake til 1760. Her kan vi m.a. lese: – «Derpå ble Risøyhamn kjøpt i 1902 av den driftige handelsmann Th. Benjaminsen fra Gimsøy i Lofoten. Han hadde en tid vært betjent hos Dahl i Nussfjord og siden et par år hatt egen landhandel på Napp i Lofoten» I dag møter vi altså 4 generasjon som no heiter Hans Benjaminsen.

Skogbruk av gjerande
Året rundt er det anløp av Hurtigruta 2 gonger for døgnet fortel Hans. Stadig større trafikk over hamna har ført til trong for utviding. Løysinga vart eit nytt hamneområde sør for brua over Risøysundet. Omsyn til djupne, avstand til bru og manøver av store skip, har ført til at noko større anleggskostnader enn først kalkulert. No er arbeidet sett i gang, og totalkostnad er ca. 25 millionar kroner der LMD har gitt eit tilskot til tømmerkai på 5 millionar kroner. Kommunen har gått inn med noko omstillingsmidlar. Sjølv investerar Hans Benjaminsen ca. 15 millionar kroner i anlegget. Men den nye hamna ville aldri blitt bygd utan løyvinga til tømmerkai frå Landbruks- og matdepartementet seier Hans.

Risøyhamn har anløp av Hurtigruta 2 gonger for døgnet, og det har etterkvart bitt trangt på kaia. Det er difor blitt trong for meir plass. No er ei ny hamn med ein ny tømmerkai under utbygging. Men Hurtigruta vil framleis gå til den gamle hamna som bildet syner.

Ferdigstilling 4. kvartal
Heile det nye hamneområdet som nyleg er regulert er på ca. 70 dekar. I dag blir det bygd 50 meter ny kaifront. Det er såleis godt rom for fleirbruk i den nye hamna.
Anlegget er planlagt av Klausengruppen frå Sortland. Grunnarbeid/ utfylling er utført av Buldozer Maskinlag AS frå Sortland. Sjølve kaien inkludert peling blir utført av Karstein Kristiansen Entreprenør AS frå Åse på Andøya. Det er utan tvil kortreist arbeidskraft. Anlegget vart starta opp før jul, og vil bli ferdig 4. kvartal 2019.

Lokale og erfarne entreprenørar, som her Buldozer Maskinlag frå Sortland sikrar kortreist arbeidskraft.

Sitka-og lutzgran gir dobbel produksjon
Skogbrukssjef Gjermund Pettersen kan fortelje om ein dokumentert skogproduksjon på Andøya på 70 kubikkmeter pr. dekar etter 70 år for sitkagran (Picea sitchensis) og lutzigran (Picea glauca x sitchensis). Og dette er jamt over dobbel så høg produksjon som for vanleg gran (Picea abies) som det også er planta ein del av i desse områda. Pettersen kan også fortelje det totalt på Andøys pr. idag står kring ein halv million kubikkmeter tømmer, hovudsakleg i hogstklasse 4 men noko er etter kvart blitt hogstmodent. Dette gjev ein førstehandsverdi kring 200 millionar kroner. Hogstaktiviteten vil nok variere frå år til år framover, men skogbrukssjef Pettersen reknar med at det årleg og gjennomsnittleg kan hoggast kring 12 000 kubikkmeter tømmer av god kvalitet på Andøya.

Det er ein imponerande høg skogproduksjon på Andøya. Skogbruksjef Gjermund Pettersen (midten)seier at sitkagran og lutzigran produserar omlag det doble pr. dekar av kva vanleg gran gjer i desse områda. Kvaliteten er også svært god berre skogen blir gammal nok. F.v. Ole Bakke, Allskog og ytterst Bjørn Næsvold, tidlegare Allskog.