Han skapte ei næring

Publisert 14.05.2019

Kystskogbruket i Nordland

Per Arne Rahka har vore skogreisingsleiar i Hamarøy. I dag er haustinga av skogreisingskogen starta, og dette gjev både arbeid og gode inntekter til mange. Takka vere skogreisingsleiaren på Hamarøy og likeeins i eit par hundre kommunar i landet. Skogreisingsleiaren, ein slags Isak Sellanraa som i Markens Grøde vil mange hevde. Han skapte ei næring.

Den første skogreisingsleiaren

I dag møter vi grøne skogar i bygda Hamsund i Hamarøy kommune i Nordland. Nyleg er det hausta 250 vogntog med tømmer. Tømmer som skogreisingsleiarane fekk planta etter krigen. Og det var nettopp i desse traktene Knut Hamsun skreiv mykje av Markens Grøde, ei bok om optimisme og tru på ei framtid under karrige, nøysame kår etter 1. verdskrig. På eit vis kan Isak Sellanraa i Hamarøy også representere den første skogreisingsleiaren, han også skulle byggje landet etter krigen. Ikkje på innmarka, men ute i skogen. I snart 70 år etterpå har skogsjorda produsert, og i desse dagar gjev den tømmer, grøde og innkome til mange personar i skognæringa. Men utan skogreisingsleiaren hadde dette aldri skjedd, verken på Hamarøy eller andre stader i landet.

Sponheimkløfta øydeleggjande

Per Arne Rahka starta som skogreisingsleiar i Tysfjord i 1985. Raskt vart tittelen endra til skogmeister og i 1989 fekk han ansvar for både Tysfjord og Hamarøy. Siste tida har han hatt ansvar for skogplanting og ungskogpleie også i Steigen kommune, og har følgjeleg arbeid i 3 kommunar, ofte kalla Nord-Salten.


Det var svært stor aktivitet med skogplanting den gongen, ja igrunn heilt fram til tidleg på 2000 talet fortel Per Arne

Minner om at dåverande landbruksminister fjerna all støtte til skogplanting i Norge, med dei følgjer at både skogplanting og skogplanteskular vart nedlagt. «Sponheimkløfta» kallar mange resultatet av dette merkelege tiltaket av ein minister med aner frå bondelandet. – «Igrunn har det aldri teke seg skikkeleg opp igjen» legg Per Arne til med eit sukk. Men med eit glimt i auget seier han optimistisk at stadig fleire no har fått auga opp for kor viktig skogen og fotosyntesen er for klima. Ja sjølv ein minister kan altså ta så grundig feil, vil vi legge til.

Kommunale skogsarbeidarar

Frå 70-talet og fram til århundreskiftet hadde kommunane i Nord- Salten tilsette skogsarbeidarar, ein i kvar kommune. Om sommaren fungerte desse som arbeidsleiarar for skuleungdom som planta skog. Ellers i året dreiv dei med skogsrydding, ungskogpleie og noko hogst. Også dette fungerte svært godt, heilt til ministeren stoppa det heile tidleg på 2000-talet. Systemet med kommunalt tilsette skogsarbeidarar kjenner vi igjen i mange kommunar i alle kystskogfylka. Det er også fortald mange historier om kor lønsamt dette arbeidet var. Lønsamt fordi desse kommunale skogsarbeidarane også medverka til hogst av både tømmer og ikkje minst ved for sal. Gjengroing av lauvskog i landskapet var ikkje noko tema den gongen