Oppstart av Saudasjøen Tømmerkai
Publisert 17.05.2019
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 16.05.2019
Denne veka signerte Sauda kommune kontrakt med entreprenørfirma Byggservice for utbygging av Saudasjøen Tømmerkai. Arbeidet er venta å stå ferdig 1. august 2019.
Det er planta mykje skog i Sauda og Suldal kommune i Rogaland. Utan tilkomst til ein tømmerkai, vil ein ikkje kunne drive eit aktivt skogbruk i dette området. Denne veka signerte Sauda kommune kontrakt med entreprenørfirma Byggservice AS for utbygging av Saudasjøen Tømmerkai. Kommunen fortel at det var fleire tilbod og Byggservice frå Kvinnherad i Hordaland gav billegaste og godkjent tilbod.
Vi kan leggje til at Byggservice har bygd 2 tømmerkaiar på Vestlandet siste åra; Vindafjord i Rogaland og Lindås i Hordaland. Arbeidet i Saudasjøen er venta å vere ferdig 1. august 2019.
Ut av sentrum
I mange år er det levert tømmer frå Sauda og deler av Suldal kommune over ein kommunal kai i sentrum av Sauda. Kaiarealet i sentrum ynskjer kommunen å nytte til boligar, og har gitt eit tilbod til «skogbruket» om å bruke ein kai som ligg i et industriområde litt utanfor sentrum (Saudasjøen).
Denne kaien er forma som ein T, og kommunen ynskjer å fylle ut arealet mellom eksisterande kaifront og land slik at heile kaifronten får forbindelse med land.
40% statstilskot
Kommunen sende søknad om tilskot til Landbruksdirektoratet i 2017, og fekk løyvd 1,6 millionar kroner eller ca. 40% av totalkostnaden. Grunnundersøkelsar hausten 2017 førte til auka kostnader og Landbruksdirektoratet løyvde i 2018 ytterlegare 1,08 millionar kroner og innafor 40% av totalkostnaden.
Årleg gevinst på 1 million kroner
Kommunen skriv i søknaden til Landbruksdirektoratet, at dersom skogbruket misser tilkomst til kai i Sauda, vil meirkostnaden med transport til nærmaste alternative tømmerkai (Berekvam i Suldal eller Søndanåneset i Vindafjord) bli om lag 40 kr/m3. Med eit årsvolum på 20 000 m3 vil årleg gevinst for skogeigarane i dekningsområdet til kaien bli kring 800 000 kroner.
Opprusting av tømmerkaien i Saudasjøen fører også til at mesteparten av tømmeret kan leggjast på kaifront, og ein sparer framkipping av tømmer som for tilsvarande tømmerkvantum årleg vil dreie seg om 2-300 000 kroner.