Hopp til navigasjonHopp til hovedinnholdHopp til bunnområde

Statsråden opnar Egersund Tømmerterminal

Publisert 30.08.2019

endeleg-2-dji_0243-just

Mandag 2. september klokka 11.00 vil landbruks- og matminister Olaug Bollestad opne Egersund Tømmerterminal. Terminalen sikrar skogeigarane i regionen ein framtidig tilgang til sjøtransport og medverkar til relativt store kutt i logistikk- og fraktkostnader for skogsvirke

Med ein prislapp på 24 millionar kroner, der staten ved Landbruks- og matdepartementet har løyvd 19 millionar kroner i tilskot, har ein fått 70 meter ny kai og eit baklager på 3 dekar i Egersund. Det er venta at det i åra fremover vil bli frakta inntil 50.000 kubikkmeter tømmer over kaia.

Tømmerkaien vil sikre at skogeiere i regionen får tilgang til sjøtransport gjennom en langsiktig og prioritert bruksrett. Dette gjeld skogeigarar i kommunane Rennesøy, Finnøy, Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time, Hå, Eigersund, Bjerkreim, Lund, Sokndal, Sirdal, Kvinesdal og Flekkefjord.

Det er ei stor glede at landbruks- og matminister Olaug Bollestad kjem til Egersund og opnar den nye tømmerterminal som ligg sentralt i hamna i Egersund» seier hamnesjef Anne Vigdis Ellingsen

Arrangementet er opent for pressa.

Skogfolk og hamnefolk møttes på kontoret til Ervik Shipping i Egersund i startfasen, januar 2017.
F.v. Lloyd Gundersen frå Nortømmer, dagleg leiar Lars Kolnes i Eigersund Havn og Næring, skogbruksjef Hans Petter Tønnesen, Leif Arne Hellvik frå Multiconsult, havneinspektør Ove Romslo, leiar i Eigersund Havn og Næring og varaordførar Leif Erik Egaas, fylkesskogmester Stein Bomo, Randi Birkeland frå Rogaland Skognæringsforum, Arnfinn Ervik frå Ervik Shipping, dagleg leiar Terje Ervik ved Ervik Shipping, Inga Apeland frå Vestskog, Kjetil Andre Rødland frå Vestskog, Torbjørn Storesletten frå Myklebusthaug Rederi og Lars Slåttå frå Rogaland Skognæringsforum.