Millionar i gevinst

Publisert 09.09.2019

Kipping av tømmer ved Erdal i Førde kommune, Sogn og Fjordane. Vegen er kommunal (BK10, 12,4 m) og flaskehalsen er i hovudsak denne krappe svingen med svingradius under 10 meter. Ei investering kring 2 millionar kroner vil oppgradere heile kommunevegen til å kunne køyre med vogntog (19,5 meter).
Alle foto utanom første: Helge Kårstad
Kipping av tømmer ved Erdal i Førde kommune, Sogn og Fjordane. Vegen er kommunal (BK10, 12,4 m) og flaskehalsen er i hovudsak denne krappe svingen med svingradius under 10 meter. Ei investering kring 2 millionar kroner vil oppgradere heile kommunevegen til å kunne køyre med vogntog (19,5 meter). Alle foto utanom første: Helge Kårstad

Det kommunale vegnettet i kystskogfylka er ifølge veglista ekstremt dårleg. I Vestlandsfylka er ca. 75% av kommunevegane ikkje tillate for vogntog. Knapt noko land i Europa har så dårlege distriktsvegar.
På oppdrag frå Kystskogbruket har NIBIO rekna ut at det berre i Sogn og Fjordane årleg kan sparast inntil 3 millionar kroner om dei viktigaste kommunevegane for tømmertransport blir oppskrive/ opprusta til vogntog, dvs. minimum totalvekt på 50 tonn og vogntoglengde 19,5 meter.

Tekst og foto: Helge Kårstad

Årleg potensiale på 60 milliardar kroner
Melding om kystskogbruket (2015) dokumenterte at skog og trenæringa i kystskogfylka har eit økonomisk omsetningspotensial på 60 milliardar kroner pr. år innan 2040. Dette er også lagt til grunn i meldinga frå SKOG22 (2015). Potensialet framover er altså ei 4-dobling av omsetningsnivået som i 2011 var 15,9 milliardar kroner.
I infrastrukturprogrammet (2015) er det tilsvarande rekna ein jamn auke i hogstkvantumet frå ca. 2 millionar kubikkmeter i 2014 til ca. 5,4 millionar kubikkmeter i 2040. Dette gjeld for alle kystskogfylka samla, og er bortimot ei 3-dobling av den årlege hogsten idag.
Men Infrastrukturprogrammet la då som ein føresetnad at planlagde skogsvegar og tømmerkaier må byggast og dei viktigaste flaskehalsane for tømmertransport på offentlege vegar må fjernast.

Skogreisinga har gitt gode resultat. Biletet syner 120 år gammal Abies Nobilis i Langeskogen ved Bergen. Ved å la skogen bli gammal nok, er produksjonspotensialet mange stader særdeles gode. Infrastrukturprogrammet (2015) som Kystskogbruket tok initiativ til, dokumenterte trong for meir skogsvegar, tømmerkaier og fjerning av flaskehalser på offentlege vegar dersom all skogen skulle haustast med akseptabel netto.


Ei ekstraordinæør satsing på kommunevegar
Det har vore ei god utvikling når det gjeld statlege løyvingar og bygging av skogsvegar og tømmerkaier i kystskogfylka dei siste åra.
Når det gjeld offentlege vegar, er tilstanden rimeleg god når det gjeld riksvegar, dårleg på fylkesvegar og særdeles dårleg når det gjeld kommunevegar.

Denne regjeringa ved Landbruks- og matdepartementet har snart medverka til å bygge ut dei nødvendige tømmerkaier for å drive ein rasjonll sjøtransport av tømmer, her frå Søndenåneset i Rogaland. Flaskehalsen er no dei offentlege vegane som fører fram til desse tømmerkaiane.
Det vil vere svært uheldig om arbeidet med å ruste opp infrastrukturen i kystskogfylka stoppar her. Difor trengs ei ekstraordinær satsing på å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegar i åra som kjem.


Faktum er at i fleire av kystskogfylka er inntil 75% av kommunevegane ikkje tillate for vogntog.
Dette er grunnen til at Kystskogbruket tok initiativ til ein analyse av dei kommunale vegane. For å teste ein modell for arbeidet, valgte ein først Sogn og Fjordane. Analysen som er todelt, er no ferdig. Arbeidet er finansiert av Kystskogbruket, Vestskog og Nortømmer.

Analyse over kommunevegar gjennomført
NIBIO v/ Dag Fjeld har kvantifisert dei økonomiske konsekvensane (transportgevinst) ved å ruste opp flaskehalsar for tømmertransport i det kommunale vegnettet i Sogn og Fjordane. Det er nytta transportinformasjon frå Skogdata (fraktbrev), generell transportinformasjon frå Vestskog og Nortømmer og informasjon om framtidig virkestilgang frå Infrastrukturprogrammet (NIBIO, SINTEF og SKOGKURS,2015). Rapporten syner at det berre i dette fylket kan årleg sparast inntil 3 millionar kroner ved å oppruste/ oppskrive dei viktigaste flaskehalsane til vogntog, dvs. minimum totalvekt på 50 tonn og vogntoglengde 19,5 meter. Det må presiserast at annan transport på vegen ikkje er teke med i denne analysen. Vi må difor rekne med at gevinsten totalt sett vil vere ein god del høgare i mange tilfelle.
Rapporten fra NIBIO kan du lese her

FM Vestland v/ Torkel Hofseth har laga ei prioriteringsliste over dei viktigaste kommunale vegane for tømmertransport som treng oppskriving/ opprusting. Prioriteringa er kommunevis, og er utarbeidd med grunnlag i veglister frå Statens Vegvesen, framskrivne bestandsdata og aktuelle kippekostnader kopla til den enkelte veg.
Rapporten med Prioriteringsliste over dei viktigaste kommunale vegane i Song og Fjordane som treng oppskriving finn du her

Det vil i løpet av hausten bli teke stilling til korleis ein skal arbeide vidare med dette tema. Sidan modellen for arbeidet er utvikla, vil det venteleg ta eit halvt å gjennomføre tilsvarande arbeid for resten av kystskogfylka. Veglistene for dei kystskogfylka syner ein tilstand på kommunevegane som raskt må betrast dersom måla i Melding om kystskogbruket og SKOG22 skal oppretthaldast. Sjølv om vi finn dårlege kommunevegar over heile landet, er den kritisk dårlege tilstanden spesiell for kystskogfylka og verst på Vestlandet.

Ynskjer spleising frå staten
Når det gjeld konkrete tiltak for å få oppskrive/ opprusta dei viktigaste kommunale vegane for tømmertransport, har Kystskogbruket oppmoda om å få etablert ei statleg spleising.
Dei siste åra er det under kapittel 1149, post 71 over Landbruks- og matdepartementets budsjett (Verdiskapingstiltak i skogbruket) løyvd pengar til tømmerkaier og skogsvegar, dette gjeld også ein del kommunale tømmerkaiar. Kystskogbruket ynskjer at det under same kapittel blir opna for at det i tillegg til skogsvegar og tømmerkaier også kan ytes tilskot til fjerning av flaskehalsar for tømmertransporten på kommunale vegar. Desse kommunale vegane må vere del av ei transportåre frå skog til industri/ tømmerkai, som opnar for store tømmermengder, og der ei utbetring gjev store transportgevinstar.
Analysane som no er gjennomført av NIBIO og FM Vestland dokumenterar nettopp transportgevinst og inneheld ei prioriteringsliste.

Kystskogbruket var før sommarferien i møte med landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Framlegget om ei statleg spleising for å fjerne flaskehalsar på kommumnevegar med mykje tømmertransport vart då presentert.
F.v prosjektleiar i Kystskogbruket Helge Kårstad, leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke, statsekretær i LMD Widar Skogan, leiar i Rogaland Skognæringsforum Olaf Gjedrem, fylkesvaraordførar i Hordaland (KrF) Pål Kårbø og landbruks- og matminister Olaug Bollestad.