Viktig i eit klimaperspektiv
Publisert 04.09.2019

Sentrale personar under opninga av Egersund Tømmerterminal mandag 2. september.
Øverst t.v. ordførar i Eigersund Odd Stangeland, landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Nederst t.v. hamnesjef i Egersund Anne Vigdis Ellingsen og skogbruksjefen i kommunane Eigersund, Bjerkreim og Sokndal, Hans Petter Tønnesen.
Mykje folk frå skognæring, hamnenæring, kommunar og fylke var samla då landbruks- og matminister Olaug Bollestad opna Egersund Tømmerterminal denne veka. Eit aktivt skogbruk er viktig for sysselsetjing og verdiskaping, men også viktig i eit klimaperspektiv sa ministeren mellom anna.
Vi har denne gongen laga ein bildereportasje frå opninga.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Legg elles merke til den flotte talarstolen av sitkagran frå Dalane.

Hamnesjef Anne Vigdis Ellingsen (t.v.) leia arrangementet i Egersund på ein framifrå måte !



Dei tek m.a. faget biologi, og var inviterte til å halde eit foredrag om fotosyntesen. Vi vart alle imponerte over desse 2 ungdomane, som avslutta med å seie at dette var eit så interessant tema at dei kunne snakka om det heile dagen.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad vart så imponert at ho spontant entra talarstolen, takka dei for eit godt framført innlegg, gav dei ein klem og minna igjen forsamlinga om at tema var meir viktig enn nokon gong





Han minna om fortsatt store utfordringa kring flaskehalsar på det kommunale vegnettet, og håpa at ministerne også ville ta tak i det. Til slutt kommenterte han den nye tømmerterminalen i Egersund, og understreka den lange kaifronten som viktig for god logistikk og reduserte transportkostnader for tømmerstokken.


Han minna om at denne regjeringa hittil har løyvd noko i overkant av 300 millionar kroner til utbygging av tømmerkaiar. Det er gitt inntil 80% i tilskot til kaieigar. Dette gjeld ca. 30 stader langs kysten, frå Drammen, via Egersund til Lenvik i Troms. Saman med eigenandelen veit vi difor at det sidan 2013 og fram til idag er ferdig utbygd eller under utbygging tømmerkaier for ein kostnad kring ein halv milliard kroner.
Kårstad sa at utbygging av tømmerkaiar var viktig av minst 2 grunnar;
1. Sterk auke i hogstkvantum på grunn av skogreisinga etter krigen.
Venteleg vil årleg inntil 3 millionar kubikkmeter gran bli hogge frå skogreisingskogen i kystskogfylka i åra som kjem.
2. Det blir stadig færre og større skogindustriføretak. Dette fører til lenger transport av tømmeret, – for å vidt i heile Europa. Sjøtransport og jernbanetransport er blitt viktigare dei siste åra, – sjøen hovudsakleg for fylka langs kysten og jernbanen for fylka i innlandet.

Med 70 meter kaifront, stabile og sterke flyttbare casingrør som stabelstøtter, eit baklager på 3 dekar, kaien sentralt plassert i regionen og ikkje minst god vegtilkosmt vil Egersund Tømmerterminal garantert føre til ein betre logistikk og reduserte transportkostnader for tømmer.
Tømmerkaien vil også sikre at skogeiere får tilgang til sjøtransport gjennom en langsiktig og prioritert bruksrett. Dette gjeld skogeigarar i kommunane Rennesøy, Finnøy, Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time, Hå, Eigersund, Bjerkreim, Lund, Sokndal, Sirdal, Kvinesdal og Flekkefjord. Det er venta at det i åra fremover vil bli frakta opp imot 50.000 kubikkmeter tømmer over kaia.