Ei strategisk hamn for tømmer
Publisert 09.11.2019
Harstad Havn KF har store planar for utbygging av terminalen på Rødskjær. Hamnesjef Lennart Jenssen understrekar den strategiske plasseringa av denne fleirbrukshamna i Nord-Norge og inviterar no skognæringa inn i prosjektet.
– «Dette er også den beste plasseringa for ein tømmerkai for kommunane Harstad, Kvæfjord, Skånland, Evenes og Tjeldsund» seier sagbrukseigar Arild Kulseng-Hansen som også er nestleiar i Skognæringa Kyst.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Kamp om sjønære områder
I går var skogfolket samle i Harstad for å ha møte med Harstad Havn. Det føreligg relativt store planer for ei utbygging av kommunehamna på Rødskjær. Det er Harstad kommune v/ Harstad Havn KF som er eigar av hamneområdet og dei vil også vere ansvarleg for utbygging og framtidig drift. Det vart søkt om statstilskot til ein tømmerkai i området i 2019, men prosjektet vart ikkje prioritert. Skogbrukssjefen i Harstad med det praktiske namnet Gyrd Harstad, hadde saman med skognæringa i Troms invitert til eit møte for ein gjennomgang av planane framover.
Hamnesjef Lennart Jenssen understreka den unikt gode plasseringa av Rødskjær som no skal utbyggast, sentralt i heile Nord-Norge. Han sa også at eigna hamneområder langs kysten stadig blir vanskelegare å finne. Det er stor kamp om sjønære områder, og ikkje minst sterke føringar på bruk og vern. Ein tømmerkai som del av utbygginga på Rødskjær og som sikrar skogeigaren i regionen ein framtidig rett til sjøtransport, meinte han var viktig, og ville bli støtta av kommunen og Harstad Havn KF.
Avgjerande for ei framtidig lønsam og rasjonell skognæring
Sagbrukseigar ved Sæteråsen Sag Arild Kulseng-Hansen sa at skogen i Troms veks godt og det blir stadig meir hogstmoden gran. Likevel er alderssamansetninga på grana slik at dei store tømmermengdene først vil kome om 10-20 år. Det er heller ikkje nok industrikapasitet i nærområdet til dei store skurtømmer mengdene som vil kome, og ein eigen tømmerkai vil difor vere heilt avgjerande for ei lønsam og rasjonell skognæring i denne delen av Troms for framtida.
Fylkesskogmeister Brynjar Jørgensen meinte at ein ny søknad også burde vurdere eventuelle alternative tømmerkaier i området nærare. Dette er ikkje minst viktig i høve til kva krav det i dag blir stilt til hamneanlegg, og ikkje minst fordi vegnettet stadig blir utbetra. I det ligg også at dekningsområdet til ein eventuell ny tømmerkai på Rødskjær bør vurderast på nytt, – særleg mot aust.
Vil søkje på nytt
Som kjent har regjeringa sett av 79,8 millionar kroner til tømmerkaiar og skogsvegar (kap. 1149/71) i statsbudsjettet 2020. Dersom dette blir godkjent av Stortinget før jul, vil det som vanleg bli ny søknadsrunde for tilskot til tømmerkaiar i løpet av april månad 2020. Såvel skognæringa, kommunen og Harstad hamn KF opplyste på møtet at dei vil søkje på nytt.