Statsråd Elvestuen opnar Kvamen Tømmerkai

Publisert 22.11.2019

Statsråd Ola Elvestuen (innfelt) opnar Kvamen tømmerkai i Fjaler, Sogn og Fjordane 10. mars 2020 kl. 10.00. Kaien er ferdigstilt i desse dagar og biletet syner ei prøvelast med tømmer.
Statsråd Ola Elvestuen (innfelt) opnar Kvamen tømmerkai i Fjaler, Sogn og Fjordane 10. mars 2020 kl. 10.00. Kaien er ferdigstilt i desse dagar og biletet syner ei prøvelast med tømmer.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen vil på vegne av regjeringa opne Kvamen Tømmerkai, Fjaler i Sogn og Fjordane tysdag 10. mars 2020. Arrangementet er ope for alle og program vil kome seinare.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Det er med glede vi kan melde at statsråd Ola Elvestuen vil kome til Fjaler i mars neste år for å opne den nye tømmerkaia. Kaien ligg i eit av dei skogrikaste områda på Vestlandet.
Etter opninga vil det bli ei markering med ymse program i kommunesenteret Dale som ligg berre nokre kilometer frå den nye kaia. Vi vil m.a. få høyre meir om visjonane til tidlegare fylkesskogsjef Barthold Andreas Vonen, om utviklinga av skognæringa og skogindustrien fram til i dag, om framtidsutsikter osv.

Arbeidet utført etter planen
Arbeidet starta opp i slutten av februar 2019 og er ferdig i desse dagar. Kaitomta er eit tidlegare utfylt område av massar frå tunnelbygging. Det er konsulentfirmaet Multiconsult som har utarbeidd teikningar og på vegne av eigarane stått føre utlysing. Det er også føreteke relativt grundige undersøkelsar av grunntilhøva, grunnboringar m.m. Entreprenørfirmaet Jim Heldal frå Hordaland har vore hovudentreprenør. Heldal fortel at arbeidet har gått svært bra, heilt etter planen, utført til rett tid og utan endring i kostnader.

Ved oppstart av Kvamen Tømmerkai, februar 2019.
F.v. anleggsleiar Cato Vikebø, gravemaskinoperatør Ivar Kalstad, entreprenør Jim Heldal, Helge Kårstad og ytterst til høgre grunneigar og investor Jostein Sylta.

Solid tømmerkai
Den nye kaifronten har ei lengde på heile 84 meter og bakarealet er ca. 5 dekar. Djupne er 8 meter (LAT8, dvs. djupne ved lågaste astronmiske tidevassnivå). Kaien er konstruert med ei fordelt last på 5 tonn (50 kN) pr. m2 og ei punktlast på inntil 70 tonn. Kva pollert toler 50 tonn. Alt dette skulle følgjeleg vere rikeleg for dei største skipa med tømmerlaster inntil 6000 kubikkmeter.
Eigar av den nye tømmerkaien er Vestskog SA (no AT Skog) og Reen Holding v/ Jostein Sylta som bur i Fjaler. Prosjektet har totalt fått 23 millioner kroner i statstilskot (2017 og 2018), og dette utgjer noko i overkant av 70% av totale kostnader.

Slik såg det ut på tømmerkaien sommaren 2019. I bakgrunnen den vakre Laukelandsfossen.