Inviterar til Risøyhamn

Publisert 09.12.2019

Ekteparet Hans og Adelheid Benjaminsen framfor "gammelgården" i Risøyhamn. Familien Benjaminsen er 4.de generasjon som driftar handelsstaden og Risøyhamn. Men soga fortel at "dersom salige lærer Magnus Nilsen som var skriftstyrer i And-Ungen i 1924 hadde rett, kunne den eldste delen av trebygningen feire 300 år i 2007". 
I bakgrunnen Risøyrenna som vart grave ut første gongen i 1922 og som er dagleg trafikkert, m.a. av hurtigruta.
Ekteparet Hans og Adelheid Benjaminsen framfor "gammelgården" i Risøyhamn. Familien Benjaminsen er 4.de generasjon som driftar handelsstaden og Risøyhamn. Men soga fortel at "dersom salige lærer Magnus Nilsen som var skriftstyrer i And-Ungen i 1924 hadde rett, kunne den eldste delen av trebygningen feire 300 år i 2007". I bakgrunnen Risøyrenna som vart grave ut første gongen i 1922 og som er dagleg trafikkert, m.a. av hurtigruta.

Ekteparet Hans og Adelheid Benjaminsen er handelstadeigar i Risøyhamn på Andøya. Tømmerkaia som snart er ferdigstilt, har vore utløysande for ei ny hamn ved sida av hurtigrutekaia fortel ekteparet, som også har satsa mykje pengar på tiltaket. Til våren inviterar dei saman med kommunen til stor opning.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Tømmerkaien utløysande
Utan denne tømmerkaia hadde det ikkje vore muleg å få etablert ei ny hamn i Risøyhamn seier Hans og Adelheid Benjaminsen. Hurtigruta tek stadig meir av plassen på eksisterande kai, og det har difor lenge vore snakk om ei ny hamn. Tidleg på nyåret står den nye hamna klar.
Det nye hamneområdet rommar ca. 80 dekar. I denne omgangen blir infrastruktur bygd fram til området, ny kaifront på 50 meter og eit ferdig opparbeidd bakareal på ca. 6 dekar. Dette vil vere ein typisk fleirbrukskai med god djupne ved kaifront for alle typar båtar. Slik sett blir dette einaste djupvasskaia på Andøya fortel Hans.

Det nye hamneområdet ved Risøyhamn med utsikt sørover mot Langøya og Sortland.
Totalt er det tilgjengeleg ca. 80 dekar.
I denne omgangen blir det bygd 50 meter ny kaifront, og ferdig opparbeidd eit bakareal på ca. 6 dekar. Fleirbrukskaia blir den einaste djupvasskaia på Andøya.

Vil invitere statsråden
I samarbeid med kommunen vil ekteparet invitere skogsfolk og hamnefolk til stor opning ut på våren.
I dialog med kommunen vil dei gjerne framheve dette viktige tiltaket på Andøya, og vil difor invitere Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Ekteparet Benjaminsen fortel at det har vore aukande etterspørsel etter hamneområde for utskiping av tømmer dei siste åra. Men også andre nye etableringar er i vekst. Slik sett er denne nye fleirbrukskaien også svært viktig for den aktuelle omstillinga etter nedlegging av flystasjonen på Andøya.

Ein føresetnad for framtidig skogsdrift
Det er i all hovudsak planta sitkagran og lutzgran på Andøya. Hogstar har hittil synt svært god kvalitet på virket, føresett at det ikkje blir avvirka for tidleg.  Terrenget er også gunstig i dette området, sett i høve til ander stader i kystskogfylka. Føresett at barskogarealet på Andøya blir oppretthalde i framtida, kan det årleg og gjennomsnittleg hoggast ca. 10 000 kubikkmeter skriv skogbrukssjef Gjermund Pettersen i eit notat til kystskogbruket.
Skogbrukssjefen minner også om at utan ein tømmerkai ville det knapt vore muleg å drive eit økonomisk skogbruk på Andøya i framtida. Gjennomsnittleg avstand frå plantefelta til den nye tømmerkaia i Risøyhamn er ca. 25 km. Næraste tømmerkai elles er Sortland eller Stokmarknes med tilsvarande avstandar nærare 100 km. Det blir for langt.

Terrenget på Andøya er stort sett glimrande for skogsdrift. Skogbrukssjefen fortel at det stort sett er planta sitkagran og lutzgran på øya. Hogst er så vidt starta opp, og kvaliteten har synt seg å vere svært god under føresetnad av at skogen ikkje blir hogge for tidleg.