Hopp til navigasjonHopp til hovedinnholdHopp til bunnområde

Frå skog til industri

Publisert 07.02.2020

Representantar frå skogbruket vart svært godt motteke av sentrale politikarar frå Høgre på Stortinget  onsdag denne veka.
Frå venstre leiar i Vestland Skognæringsforum og nestleiar i AT Skog Halvor Brosvik, tømmerbilsjåfør Gøran Kårstad, Helge Kårstad frå Kystskogbruket, Torill Eidsheim (Høgre, Vestland og medlem av Kommunal- og forvaltningskomiteen), Elin Agdestein (Høgre, Trøndelag og medlem av Finanskomiteen) og Margunn Ebbesen (Høgre, Nordland  og medlem av Næringskomiteen)
Foto: Privat
Representantar frå skogbruket vart svært godt motteke av sentrale politikarar frå Høgre på Stortinget onsdag denne veka. Frå venstre leiar i Vestland Skognæringsforum og nestleiar i AT Skog Halvor Brosvik, tømmerbilsjåfør Gøran Kårstad, Helge Kårstad frå Kystskogbruket, Torill Eidsheim (Høgre, Vestland og medlem av Kommunal- og forvaltningskomiteen), Elin Agdestein (Høgre, Trøndelag og medlem av Finanskomiteen) og Margunn Ebbesen (Høgre, Nordland og medlem av Næringskomiteen) Foto: Privat

«Vi vil medverke til ein best mogeleg vegstandard frå skog til industri i heile landet» sa Torill Eidsheim (Høgre, Vestland) då representantar frå Kystskogbruket møtte politikarar frå Høgre og FrP på Stortinget denne veka.
Tekst: Helge Kårstad

Store gevinstar
Denne regjeringa har satsa mykje pengar på å betre infrastrukturen for skogbruket. Det gjeld skogsvegar, tømmerkaiar og oppgradering av bruer på fylkesvegar. Denne satsinga har vore heilt i tråd med signala frå Kystskogbruket, og for så vidt klare meldingar frå skogindustrien i Norge over fleire tiår. – «Vi har for høge drifts- og transportkostnader i skogbruket» har det jamleg blitt sagt og skrive.
Mykje er altså løyst, men det gjenstår eit arbeid for å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegar. NIBIO og fylkesmannen i Vestland har nyleg utarbeidd rapportar som syner store gevinstar ved å fjerne flaskehalsar, og desse rapportane vart lagt fram for Høgre på Stortinget denne veka. (Sjå også oppslag her dagsett 09.09.19, «Millionar i gevinst«) .

Frå skog til industri i heile landet
Frå Høgre møtte Torill Eidsheim (Kommunal- og forvaltningskomiteen), Elin Agdestein (Finanskomiteen) og Margunn Ebbesen (Næringskomiteen).
Helge Kårstad sa m.a. at Skognæringa Kyst har prioritert arbeidet med å medverke til ei betring av kommunevegane for tømmertransport. Det er ved hjelp av NIBIO og fylkesmannen nyleg gjenneomført analyser med prioriteringar over dei viktigaste kommunale vegane som må utbetrast i ein del fylker. Arbeidet pågår, og vil ventleg bli ferdig for alle kystskogfylka i løpet av året.
Halvor Brosvik er leiar i Vestland Skognæringsforum og nestleiar i AT Skog. Han sa m.a. at inntil 75% av dei kommunale vegane i fleire av kystskogfylka ikkje kan køyrast med vogntog. Dette fører til stor grad av kippkøyring for å lesse fulle lass. Det kostar svært mykje pengar, vegslitasje og slikt kan ikkje  skognæringa leve med lenger.
Tømmerbilsjåfør Gøran Kårstad fortalde om ein kvardag der han av og til må køyre enkel bil 4-6 ganger frå velteplass og fram til tilhengaren. Dette tek mykje tid, og er også ein kostnad for tømmerbilsjåføren som han i heilheit ikkje får dekka. Det er også ei utfordring å finne eigna plass til tilhengaren. Han sa også at ei fjerning av flaskehalsar ikkje treng koste så mykje, og mange utanfor skogbruket vil også ha stor nytte av slike tiltak.
Stortingsprepresentantane frå Høgre lova sjå nærare på dette, og ville gjerne ha fram meir informasjon om saka. Torill Eidsheim sa m.a. at det var heilt klart at dei ville medverka til ein best mogeleg vegstandard frå skog til industri i alle skogkommunar i heile landet. I så måte var dette ei viktig sak.

Jon Georg Dale frå Møre og Romsdal har vore både landbruksminister og samferdselsminister i denne regjeirnga. Han kjenner difor transporttilhøve for norsk skogbruk betre enn nokon.
Flaskehalsane for tømmertrasnport på dei kommunale vegane er ein «missing link» som vi må få gjort noko med» sa stortingsrepresentant Dale i møte med Kystskogbruket på Stortinget denne veka.

Ein missing link
Det vart også tid til eit møte med tidlegare landbruks- og matminister Jon Georg Dale, som no er stortingsrepresentant for Møre og Romsdal. Han kjenner difor dei transportmessige utfordringane på vegane godt. Dale poenterte at regjeringa hittil har vore oppteken av  få gjennomført den store satsinga på infrastruktur i skogbruket rimeleg raskt. Fordi det hasta. Utbygginga av tømmerkaiane har på mange vis vore ein suksess, sa Dale.
Men ein kan ikkje leve med at transporten fram til desse tømmerkaiane er så til dei grader ineffektiv og kostbar, ja ein «missing link» kalla han det. Dale sa at heile skognæringa i felleskap måtte gje innspel om dette til regjeringa, og lova om nødvendig følgje opp saka i Stortinget.