Statsråd Sveinung Rotevatn opnar Kvamen Tømmerkai
Publisert 13.02.2020
På vegne av regjeringa vil klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn opne Kvamen Tømmerkai i Fjaler tirsdag 10. mars.
Program føreligg no, og arrangementet er opent for alle.
Som tidlegare annonsert her på nettsida, var det bestemt at klima- og miljøminister Ola Elvestuen skulle opne Kvamen Tømmerkai.
Som kjent vart det nyleg ministerskifte, og vi er svært glade for at den nye klima- og miljøministeren Sveinung Rotevatn kjem til Fjaler 10. mars.
Etter opninga vil det bli ei markering med ymse program i kommunesenteret Dale, som ligg nokre få kilometer frå den nye kaia.
Sveinung Rotevatn vil snakke om rolla til skogen i det grøne skiftet. Jubelhornet stiller med viser av Jakob Sande. Ikkje minst vil vi gjennom eit eldre NRK opptak få høyre om visjonane til tidlegare fylkesskogsjef Barthold Andreas Vonen, om utviklinga av skognæringa og skogindustrien fram til i dag, om framtidsutsikter osv.
Arrangementet er opent for alle.
Her er invitasjon og program: Invitasjon opning Kvamen Tømmerkai