Transportøkonomisk institutt skal utgreie flaskehalsar
Publisert 29.05.2020
I regi av Kystskogbruket er TØI (Transportøkonomisk institutt) nyleg engasjert til å utarbeide ein samfunnsøkonomisk nytteanalyse av å skrive opp kommunevegane/ fjerne flaskehalsane for tømmertransport. Det skal også utarbeidast ei prioriteringsliste over dei enkelte vegane. Arbeidet skal skje i samarbeid med Fylkesmannen.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Kippkøyringa er fæl
Som vi veit er det særdeles mykje flaskehalsar for tømmertransport på dei kommunale vegane i kystskogfylka. Inntil 75% av dei kommunale vegane tillèt ikkje køyring med tilhengar. Dette fører til mykje kippkøyring og ekstra kostnader inntil 80 kroner pr. kubikkmeter (NIBIO 2019) for skogeigar, transportør og kjøpar av virket. Dette kan ikkje fortsetje.
Samfunnsøkonomisk analyse
TØI skal no utarbeide ein total samfunnsøkonomisk nytteanalyse der både tømmertransport, annan transport, forurensing, slitasje, støy og ulykker blir tema. Det skal også utarbeidast prioriteringslister for dei viktigaste kommunevegane for tømmertransporten.
I første omgang skal analysen utførast for fylka Vestland og Rogaland, og det skal ferdigstillast 01.11.20. Arbeidet er i hovudsak finansiert av kystskogmidlar. Målet er å utføre same arbeid i alle kystskogfylka frå Agder til Finnmark i 2021.
Vidare arbeid
Etter kvart som arbeidet blir ferdig i fylka, vil det i samråd med virkeskjøparane bli gjennomført møteaktivitet i kommunar med tema oppskriving av kommunale vegar som er viktige for tømmertransporten. I Vestland og Rogaland vil m.a. AT Skog v/ Simon Thorsdal og Jan Ivar Rødland arbeide med dette.
Nokon av kommunevegane kan skrivast opp utan store tiltak, i andre tilfeller er det trong for pengar.
Samtidig blir det arbeidd politisk for å prøve få på plass pengar/ spleisemidlar for å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegar.