Transportøkonomisk institutt skal utgreie flaskehalsar

Publisert 29.05.2020

Kystskogbruket besøkte nyleg Transportøkonomisk institutt. Frå venstre og med god korona avstand Ole Bakke frå Skognæringa Kyst, Torkel Hofseth frå fylkesmannen i Vestland, Stein Bomo frå fylkesmannen i Rogaland, Inger Beate Hovi frå TØI, Christian S. Mjøsund frå TØI og Helge Kårstad frå Skognæringa Kyst.  
Rasmus Stokkeland frå Skognæringa Kyst er fotograf.
Denne veka vart avtale signert, og arbeidet startar opp 1. juni.
Kystskogbruket besøkte nyleg Transportøkonomisk institutt. Frå venstre og med god korona avstand Ole Bakke frå Skognæringa Kyst, Torkel Hofseth frå fylkesmannen i Vestland, Stein Bomo frå fylkesmannen i Rogaland, Inger Beate Hovi frå TØI, Christian S. Mjøsund frå TØI og Helge Kårstad frå Skognæringa Kyst. Rasmus Stokkeland frå Skognæringa Kyst er fotograf. Denne veka vart avtale signert, og arbeidet startar opp 1. juni.

I regi av Kystskogbruket er TØI (Transportøkonomisk institutt) nyleg engasjert til å utarbeide ein samfunnsøkonomisk nytteanalyse av å skrive opp kommunevegane/ fjerne flaskehalsane for tømmertransport. Det skal også utarbeidast ei prioriteringsliste over dei enkelte vegane. Arbeidet skal skje i samarbeid med Fylkesmannen.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Kippkøyringa er fæl
Som vi veit er det særdeles mykje flaskehalsar for tømmertransport på dei kommunale vegane i kystskogfylka. Inntil 75% av dei kommunale vegane tillèt ikkje køyring med tilhengar. Dette fører til mykje kippkøyring og ekstra kostnader inntil 80 kroner pr. kubikkmeter (NIBIO 2019) for skogeigar, transportør og kjøpar av virket. Dette kan ikkje fortsetje.

Inntil 75 av kommunevegane i kystskogfylka står oppført i veglista med berre 12,4 meter vogntoglengde, og er følgjeleg ikkje tillate for bil og tilhengar. Det fører til at tømmerbilsjåføren må kople frå tilhengar ved akseptabel offentleg vegstandard (19,5 eller 24 meter vogntoglengde), og derettter kippe tømmeret fram med enkel bil som her på bildet frå Ervik i Sunnfjord.

Samfunnsøkonomisk analyse
TØI skal no utarbeide ein total samfunnsøkonomisk nytteanalyse der både tømmertransport, annan transport, forurensing, slitasje, støy og ulykker blir tema. Det skal også utarbeidast prioriteringslister for dei viktigaste kommunevegane for tømmertransporten.
I første omgang skal analysen utførast for fylka Vestland og Rogaland, og det skal ferdigstillast 01.11.20. Arbeidet er i hovudsak finansiert av kystskogmidlar. Målet er å utføre same arbeid i alle kystskogfylka frå Agder til Finnmark i 2021. 

Vidare arbeid
Etter kvart som arbeidet blir ferdig i fylka, vil det i samråd med virkeskjøparane bli gjennomført møteaktivitet i kommunar med tema oppskriving av kommunale vegar som er viktige for tømmertransporten. I Vestland og Rogaland vil m.a. AT Skog v/ Simon Thorsdal og Jan Ivar Rødland arbeide med dette.
Nokon av kommunevegane kan skrivast opp utan store tiltak, i andre tilfeller er det trong for pengar.
Samtidig blir det arbeidd politisk for å prøve få på plass pengar/ spleisemidlar for å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegar.

Målet i mange kommunar i kystskogfylka er fulle vogntog av minimum 19,5 meter vogntoglengde og minimum 50 tonn totalvekt frå stubbe til skogindustri eller tømmerkai, her frå Fana ved Bergen. Det optimale er 24 meter vogntoglengde og 60 tonn totalvekt, noko analysen til TØI også vil ta høgde for.