Taubanesamling i Øyer
Publisert 28.06.2020

Du er invitert til stor skogdag med tema bratt terreng. Det skjer i Øyer kommune i Gudbrandsdalen fredag 28. august. Set av dagen no!
Skogdagen i Øyer er eit samarbeid mellom Maskinentreprenørenes Forbund (MEF), Glommen Mjøsen Skog, Norsk Taubanelag og Kystskogbruket.
Dei to største taubaneentreprenørane i Norge vil demonstrer ulike driftsmåtar i bratt terrenng.
Meir detaljert program vil kome rett etter sommarferien, men set av denne dagen allereie no.
Torsdag 27. august (kvelden før) vil det bli arrangert årsmøte i Norsk Taubanelag på hotell Scandic Hafjell. Alle interesserte er velkomne også til årsmøtet, som utanom vanlege årsmøtesaker vil innhalde eit kort fagprogram. Eventuell overnatting på Scandic Hafjell hotell må du ordne sjølv.


Eksempel foto: Frå Bygstad i Sunnfjord kommune i Vestland

Ein vinsj (T-winch) som held hogstmaskina i bratt terreng vil bli demonstret på skogdagen.
Utstyret vart for første gong i Skandinavia synt på ein skogdag i Jølster i 2018, då demonstrert av Sunnfjord Skog (bilde).
Eksempel foto: Helge Kårstad

Eksempel foto: Geitvik i Austefjord i Volda kommune i Møre og Romsdal, v/ Vidar Rørvik