Ei logistikkmessig god løysing

Publisert 31.07.2020

Den nye tømmerkaien i Saudasjøen blir viktig for skogeigarane i Sauda kommune og deler av Suldal kommune (mot Vanvik). Denne veka vart det gjennomført ei ferdigbefaring på anlegget, f.v. Kristian Landro frå Sauda kommune og Torbjørn Storesletten som representerar Myklebusthaug Rederi.
Den nye tømmerkaien i Saudasjøen blir viktig for skogeigarane i Sauda kommune og deler av Suldal kommune (mot Vanvik). Denne veka vart det gjennomført ei ferdigbefaring på anlegget, f.v. Kristian Landro frå Sauda kommune og Torbjørn Storesletten som representerar Myklebusthaug Rederi.

Denne veka vart det halde ei ferdigbefaring på tømmerkaien i Saudasjøen i Rogaland.
– «Dette er blitt ei svært god logistikkmessig løysing i eit viktig skogområde i fylket» sa Torbjørn Storesletten, ein veteran innan båtfrakt av tømmer i Norge.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Bakgrunnen for dette kaiprosjektet var at Sauda kommune ville byggje bustader på den gamle tømmerkaien i sentrum. Difor stilte dei til rådvelde ein eldre kai på industriområdet i Saudasjøen. Denne kaien var forma som ein T, og lite rasjonell. Det vart utarbeidd planer for utbetring, søkt statstilskot og arbeidet kom i gang i fjor sommar. Arbeidet er no ferdig til ein totalkostnad kring 7 millionar kroner. Staten v/ Landbruksdepartementet har gått inn med i underkant av 40% statstilskot, resten har kommunen kosta.
Det er venta at det årleg vil gå inntil 20 000 kubikkmeter tømmer over denne kaien, og det gir ein årleg transportgevinst inntil 1 million kroner jamført med transport av tømmeret til Søndanåneset tømmerkai som ligg lenger ute i fjorden.


Tømmerkaia med bakareal på ca. 4 da er sikra med gjerde (ISPS, maritim sikring).
Dette er ein moderne fleirbrukskai der skogeigarane i regionen har ein priortert bruksrett.

Tinglyst bruksrett
Denne veka vart det halde ei ferdigbefaring i Saudasjøen. Torbjørn Storesletten som er ein av dei mest erfarne sjøtransportørar av tømmer i Norge, rosa prosjektet og arbeidet som var utført, også fordi det ville gi ei god logistikkmessig løysing for tømmer frå Sauda og deler av Suldal (mot Vanvik).
Arbeidet er utført etter planen. Det er motteke ein merknad på at eit lysarmatur på kaien bør flyttast. Utover dette vil det no bli utarbeidd avtale for bruksrett som skal tinglysast. Dette er eit krav frå staten v/ Landbruksdirektoratet. Bruksretten gjev ein prioritert rett for skogeigarane i Sauda og Suldal til å nytte kaien til utskiping av tømmer i framtida.

Ei offisiell opning av tømmerkaien er under planlegging. Kristian Landro frå Sauda kommune håpar på ministerbesøk ein gong ut på ettersommaren/ hausten.

Flotte skoglier og greit terreng på austsida av Saudafjorden mot Vanvik i Suldal kommune. Det er planta svært mykje skog i desse områda, og dei første hogstane er allereie føreteke
Vidare utover fjorden deler Saudafjorden seg i Hylsfjorden (nordaustleg retning) og Sandsfjorden (sørvestleg retning).
Sand er kommunesenteret i Suldal kommune og ligg ytterst til venstre i biletet.
Desse lange fjordane krev ein god planlagt logistikk på land og sjø for å få fram tømmeret til akseptable kostnader.