La oss gjere det ilag
Publisert 21.08.2020

Fra venstre til høyre: Jan Johnsen (Havnestyre) Steinar Saus(Tømmerbilsjåfør) Jan Jenssen (Skogbrukssjef) Geir Jostein Fiskum (Transportleder) Per Odd Rygg (Landbruksdirektoratet) Paul Birger Hansen..såvidt du ser halve ansiktet (Leder Velfjord og Sømna skogeierlag) Kari Anne Bøkestad Andreassen (Fylkesordfører) Odd Reidar Johnsen (Landbrukssjef) Kurt Jessen Johansson (Leder skognæringsforum Nordland) Hans Gunnar Holand (Ordfører Sømna) Margunn Ebbesen (Stortingsrepresentant/næringskomiteen) Arvid Sandvær (Nestleder havnestyre) Jan R. Nøstvik (Kommunestyremedlem AP/skogeier) Halvor Asper(Mulitconsult) Sølvi Kristoffersen (Havnesjef) Margrethe Åkerøy Moe (Kommunestyre SP) Aasa Storlien (Styremedlem Nordland SP) Johannes Osmundsen (Sekretær Velfjord og Sømna Skogeierlag
Havnesjef Sølvi Kristoffersen hadde saman med skogbruksjef Jan Jensen invitert til skogsamling i Brønnøysund denne veka.
– Skognæringa er viktig for regjeringa, potensiala er store, la oss medverke til å utvikle næringa, ja la oss gjere det i lag sa stortingsrepresentant Margunn Ebbesen (H).
Vi presenterar her ein bildereportasje frå samlinga.
Tekst og foto: Helge Kårstad


Kristoffersen hadde laga eit glimrande opplegg for skogsaka denne dagen, og leia møtet eksemplarisk.

Ho rosa skogeigarane og Brønnøy kommune som hadde jobba fram denne søknaden.
Ein eventuell søknad om støtte også frå fylkeskommunen ville bli handsama på beste vis kunne ho love. Til slutt viste fylkesordøfraren til skogen si viktige rolle for klima, ved store opptak av karbondioksyd. – Ja vi vil også ha meir skogsindustri i Nordland, inntil vidare lyt vi utvikle det vi har, og vere glade for at det også fins kjøparar av tømmer “der ute”, avslutta Andreassen.

Ebbesen understreka at partiet Høgre brenn for skognæringa. – Norge treng fleire bein å stå på, der meiner vi i Høgre at skognæringa vil bli mykje viktigare framover. Vi vil gjerne medverke for å utvikle næringa, ja la oss gjere det i lag, sa Ebbesen med begeistring i stemmen.
God skogpolitikk er også god klimapolitikk avslutta ho.

Jensen framheva også jamt gode driftstilhøve i begge kommunane, og ikkje minst mykje lokal arbeidskraft i skogen. Til slutt sa Jensen at dette ville vere ei svært god investering for kommunen; relativt liten eigenkapital (ca. 20%) der kaileiga langt på veg vil betale dette over tid.

Arealet er ferdig regulert til havn/ industri/ fiske og arbeidet kan difor setjast igang relativt raskt.


Jessen Johansson oppsummertet dagen og minna samtidig forsamlinga om at med 700 000 da skogreist areal er Nordlandt det største skogreisisngsfylket i landet. Han understreka at dei nye takstdata for kommunane Brønnøy og Sømna synte høge tal, og dette måtte styrke søknaden for statstilskot. – Utbygging av hamner og kaier er også i tråd med tverrpolitisk semje om at meir gods må over frå vei til bane og sjø, sa Jessen Johansson. Til slutt takka han hamnesjefen, innleiarar og resten av deltakaraen for ei godt planlagt og gjennomført skogsamling i Brønnøy.