Statsråden opnar Risøyhamn tømmerkai
Publisert 24.08.2020

Tysdag 22. september kl. 10.45 vil statsråd Olaug Bollestad kome til Risøyhamn på Andøy i Nordland for å opne ein tømmerkai i ei ny fleirbrukshavn like ved hurtigrutekaia.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Ordførar Knut Nordmo er glad for at statsråden vitjar Andøy kommune denne dagen, der fleire andre møter også står på programmet. Programmet på tømmerkaien vil vare til kl. 12.00. Arrangementet er opent for alle, og vi reknar sjølvsagt med godt oppmøte av skogsfolk seier Nordmo.
Nyleg er det starta hogst i Andøy, i hovudsak sitkagran og lutzgran.
Ein tømmerkai på øya er heilt nødvendig for at ein skal kunne drive eit lønsamt skogbruk. Skogbrukssjef Gjermund Pettersen fortel om stor interesse for hogst av skog, men er uroar over at det ikkje er mogeleg å skaffe nok sitkaplanter etter hogst.
