Dette var skamkjekt
Publisert 25.09.2020

Statsråden svinga saga som ho ikkje sku gjort anna. Saga var sjølvsagt batteridreven og med eit effektivt underskjer måtte sitkagrana til pers.
Kontrollørar og medhjelparar f.v. skogbruksleiar Jon Erik Solberg og t.h tømmerbilsjåfør Knut Henrik Lihaug.
Dette var skamkjekt sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad då ho denne veka opna Risøyhamn Tømmerkai i Nordland. I talen sin understreka ho skogen sin positive verknad på klima, og sa at dei utanlandske treslaga som var planta under skogreisinga også var viktige i så måte.
Vi har laga ein bildereportasje frå opninga.
Tekst og foto: Helge Kårstad



Talarstolen er laga av Jon Erik Solberg og syner heil- og halvtønner som viktig emballasje for den verdfulle rogna får Lofoten og Vesterålen.

Ho sa også at dette er så viktig eit rammevilkår for skogbruket at regjeringa fortsatt vil setje av pengar til denne type infrastruktur.
Ja Bollestad ville gjerne bli kalle Skogminister heretter.
Det syner at statsråden har vore i skogen før.


Den nye fleirbrukshamna ligg like ved Risøyhamnbrua

Det er bygd ei djupvasskai på 50 meter med eit bakareal på 6 da. Prognosar tilseier årleg kring 10 000 kubikkmeter tømmer frå skogeigarar i Andøy kommune over denne tømmerkaia.
Utan denne kaien i Risøyhamn måtte tømmeret bli transportert til Sortland, ein gjennomsnittleg ekstra transportavstand for skogen i Andøy på ca. 5 mil eller ein EKSTRA transportkostnad på ca. 45 kr pr. kubikkmeter (9 kr/m3/mil). Mykje av nettoen til skogeigar ved skogsdrift ville følgjeleg gå tapt i lang bilvegstransport. For heile det årlege hogstkvantumet frå Andøy ville det utgjere nærare ein halv million kroner.
Det er no under planlegging ein ny tømmerkai ved Stokmarknes. Denne kaien vil dekke skog frå kommunane Øksnes, Bø, Sortland og Hadsel + austlege deler av Lofoten. Dersom tømmeret alternativt skulle fraktast dit, vil det vere ca. 3 mil lenger enn til Sortland, med ein tilsvarande auke i ekstra transportkostnad til 72 kroner pr. kubikkmeter.
Med en heller dårlege veirmeldingar vart talar og helsingar lagt innandørs

Statsråd Olaug Bollestad held ein engasjerande tale der ho framheva skogen si rolle i klimakampen. Og ho understreka at dei utanlandske treslaga var viktige i denne samanhengen. Men ho sa også at Nordland var eit stort skogfylke og at skogreisinga nord for Saltfjellet la grunnlaget for nye treprodukt, nye næringar, sysselsetjing og verdiskaping.
– “Treet er eit Kinderegg” avslutta Bollestad.

Til statsråden sa Pettersen at sitkagran og lutzgran er treslag som etter mykje forsking og utprøving er godt tilpassa klimaet i nord. – “De må ikkje stenge døra for oss ved å nekte bruk av desse treslaga” understreka han.

– “Hadde det ikkje vore for denne satsinga på sitka/lutz, hadde vi ikkje hatt noko skogbruk her oppe, ja vi hadde haller ikkje hatt noko grunnlag for å bygge ein tømmerkai” sa Solberg mellom anna.


Skognæringa Kyst deltok også under opninga av Risøyhamn Tømmerkai

Til statsråden sa Bakke at det må kome ei avklaring kring planting av utanlandske treslag. Han minna også statsråden om store utfordringar kring flaskehalsar på offentlege vegar, ikkje minst dei kommunale vegane.

Flott lokale i høve opninga av tømmerkaien og statsrådbesøket



Ordførar Knut A. Normo overrekte blomster til eigar av tømmerkaia


Til venstre tømmerbilsjåfør Knut Henrik Lihaug og til høgre viltforvaltar i Sortland og Andøy Jostein Holmeng.
Servering og kulturinnslag frå Adelheid Flesland Benjaminsen

Ho imponerte samtidig med kulturinnslaget ved å lese ein tekst som handla om Andøya frå “Nordlands Trompet” av Petter Dass.


Skogen på Andøya



Så kan vi legge til at det er planta barskog (særleg sitkagran og lutzgran) på ca. 1,6% av landarealet på øya. Med så gode resultat og så gode driftstilhøve, burde det vere ei interesse for å auke barskogarealet på Andøya. Kva seier skogeigarane?
