Skogeigarar på PEFC kurs
Publisert 01.11.2020

Skal du hogge tømmer sjølv i vinter? Da må du gjennomføre eit PEFC kurs for å kunne dokumentere at du driv eit berekraftig skogbruk.
Forrige veka deltok 15 skogeigarar frå Sunnfjord, Fjaler og Flora på dette skogsertifiseringskurset. – “Dette var både kjekt og nyttig” applauderte deltakarane til slutt.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Kurser i Førde 30. og 31. oktober vart arrangert av Skogkurs og dyktig instruktør var Rolf Erling Loe. Kursert som går over 8 timar, var lagt opp som ein innedel og ein utedel. Eit kurshefte med 27 kravpunkt i 3 delar vart gjennomgått.
Del 1 handlar om forvaltaransvar og planlegging.
Del 2 handlar om hogst og skogbrukstiltak
Del 3 handlar om særskilte miljøverdiar.
Saknar info frå virkeskjøpar
Underteikna deltok som skogeigar på kurset. Såvel kurshefte som opplegget ved Skogkurs var nyttig og godt gjennomført. Vi saknar likevel representantar frå aktuelle virkeskjøparar, som kort burde orientert om opplegg for innmelding av tømmer kopla til krava omtala i dette kurset. Dei fleste virkeskjøpararane har no opna for digital innmelding av tømmer. Eit av punkta i denne innmeldinga er at ein forpliktar seg til å ha gjennomført dette kurset. På eigedomar med særskilte miljøverdiar, vil det uansett vere av største interesse å vite korleis dette bør informerast vidare til virkeskjøpar ved ei digital innmelding.
