Møre og Romsdal; Stor interesse for taubanedrift

Publisert 01.12.2020

Deltakarane på taubanesamlinga 5. november på Vestnes. F.v. Åsmund Asper, Torgrim Østgård, Kjell Magne Åshamar, Per Gunnar Sande, Kolbjørn Snekvik, Rune Horvli, Hjørdis Asphol, Nils Olaf Kyllo, Torbjørn Frivik, Asle Johan Bergseth Konnerth, OLe Bakke, Vidar Rørvik, Håkon Johan Eliassen og Rasmus Stokkeland.
Deltakarane på taubanesamlinga 5. november på Vestnes. F.v. Åsmund Asper, Torgrim Østgård, Kjell Magne Åshamar, Per Gunnar Sande, Kolbjørn Snekvik, Rune Horvli, Hjørdis Asphol, Nils Olaf Kyllo, Torbjørn Frivik, Asle Johan Bergseth Konnerth, OLe Bakke, Vidar Rørvik, Håkon Johan Eliassen og Rasmus Stokkeland.

Norske Taubanelag ynskjer sterkare engasjement både frå skogeigarar, medlemer, virkeskjøparar, forvaltning og vil framover prøve tilretteleggje for regionvise møter om taubanedrift i Norge.
Nyleg vart det arrangert ei samling for taubaneinteresserte på Vestnes i Møre og Romsdal.


Tekst og foto: Helge Kårstad

Bakgrunnen for regionvise møter


Det er mykje bratt skogsterreng i Norge. Siste åra har det vore mest aktivitet på Vestlandet og i tidlegare Oppland fylke. Tidlegare var taubanedrift vanleg i store deler av dei tradisjonelle skogområda, ikkje minst i Telemark. Samtidig skjer det no ei sterk utvikling når det gjeld driftsutstyr, nettopp i det bratte terrenget. Nyleg er vinsjar (eks. t-winch) teke i bruk for å sikre hjulgåande hogstmaskiner og lassberarar i medium bratt skogsterreng. Venteleg vil dette føre til mindre graving av driftsvegar.
Men taubaner vil fortsett vere einerådande i det verkeleg bratte og ulendte skogsterrenget i Norge. Kostnader ved bruk at taubanedrift  er høgare enn ved hjulgåande hogstmaskiner. Dette krev høg kompetanse kring planlegging og gjennomføring av taubanedrifter. Forvaltninga av tilskotet i bratt terreng er også viktig. Dette vil gjelde både skogeigarar, taubaneentreprenørar, skogbruksleiarar/ virkeskjøparar, kommunal og fylkesvis skogforvaltning.

Det står mykje hogstmoden skog i bratt terreng i Norge, ja heile 20 millionar kubikkmeter gran og furu (Landskogtakseringa 2020). I dag blir det avvirka kring 100 000 kubikkmeter ved hjelp av taubane. Dette er tømmer som også går til lokal industri. Bildet er frå Øyer i Guldbrandsdalen med fakkelmannen frå OL i 1994 i bakgrunnen. Taubanen til Torbjørn Frivik som er rigga opp her, er omtala i ein tidlegare reportasje (04.09.20).

Beredskapsomsyn


Klimaendringar fører m.a. til auka nedbør, ofte kopla til sterke vindar, gjerne av orkan styrke. Ved påfølgjande naturkatastrofer er taubane ofte einaste driftsmåten for å få fram skogen på forsvarleg vis. Driftsmåten er utan tvil den mest skånsame i terrenget, og vil slik sett ha ein viktig plass i norsk skogbruk i framtida. Taubanemiljøet og tal entreprenørar i Norge er i dag på eit minstemål. Dette er også ein vesentleg grunn til å mobilisere for å styrke og utvikle taubanemiljøet i åra som kjem.

Skognæringa i Norge er oppteken av å sikre eit taubanemiljø også av beredskapsomsyn. Det gjeld særleg fordi alle prognosar tilseier sterkare vindar i framtida, med dei følgjer det får ved vindfall i skogen. Utan eit taubanemiljø i Norge kan denne type naturkatastrofer føre til store økonomiske tap, gjerne også store billeangrep m.m. om ikkje virket blir henta ut frå skogen i tide.

Forvaltninga av taubanetilskotet


Det har vore driftstilskot til skogsdrift i bratt terreng sidan slutten på 1970-talet. Det var ei sentral forvaltning av taubanetilskotet frå starten og fram til midten på 90-talet då forvaltninga vart overført til fylka (fylkesmannen).
Men frå og med 2020 er forvaltninga av taubanetilskotet overført frå fylkesmannen til kommunane. Mange har meint at dette er uheldig fordi det idag er få taubaneentreprenørar som kan operere over store deler av landet. Kommunal forvaltning av tilskotet kan m.a. føre til at taubanedriftene må stadig søke dit det er tilskot. Det fører m.a. til mykje flytting, kanskje også mindre skogsdrifter og det kostar pengar.
Dette kan i noko grad oppvegast ved samarbeid og god planlegging, for å redusere flytting av utstyr og dertil auka kostnader.

Årsmøtet i Norske Taubanelag i 2017 vart halde i Ørsta i Møre og Romsdal, med deltaking av landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Tidlegare skogsjef i Mjøsen Skogeierforning Johannes Bergum (bilde) held eit brennande innlegg for gode langsiktige rammevilkår for skogsdrift med taubane.
Driftsutstyret tilhøyrer taubaneentreprenør Vidar Rørvik.

Driftstilskot/ taubanetilskot


Koronatilskotet (midlertidig ordning for hogstaktivitet i skogbruket 2020) var sett inntil 60 kr/m3 ved skogsdrift med taubane, og kunne gjevast til tiltak som var påbegynt etter 12. mai. Siste frist for oppmoding om  utbetaling var sett til 30. november 2020. Under samlinga på Vestnes kom det klare meldingar frå alle deltakarane om å vidareføre denne ordninga, sidan pengane ikkje såg ut til å bli brukt innan fristen. Som vi veit er dette no ordna.

Det ordinære statstilskotet til taubanedrift har ikkje endra seg noko dei siste åra, og det har vore kring 100 kr/m3. Etter oppmoding frå næringa, virkeskjøparane og forvaltninga  vart driftstilskotet auka inntil 140 kr/3 tidleg i 2020. Det har vore noko varierande satsar frå kommune til kommune og grunnane har vore fleire. Taubaneentreprenørane har sett lite pris på akkurat dette.
Primært er det ei generell oppfatning at driftstilskotet i bratt terreng primært må gå til taubanedrifter. Der det ikkje er grunnlag for å bygge bilveg fram til standplass for taubanen, er det likevel ei oppfatning om at det bør ytast eit tilskot til lassberar frå bane til bilveg.

Planlegging/ taubanepådrivar


Kostnader ved taubanedrift er relativ høge, mellom 250 og 400 kr/m3. Det er grunnen til at det sidan slutten på 1970.talet har vore eit driftstilskot til taubanedrifter. Verdiskapinga av tømmeret for samfunnet har uansett vore det mangdoble av det statlege tilskotet pr. kubikkmeter.
For å kutte kostnader er det fleire omsyn som må takast, ikkje minst må det gjennomførast god planlegging. Når det gjeld planlegging er vegløysinga viktig, inkludert, snuplassar, standplassar, velteplassar, møteplassar, eigna avkøyring frå offentleg veg og ikkje minst standard på gardsveg og offentleg veg (jfr. veglista). Dersom dette ikkje er optimalt, vil hogst og framdrift slå ut i høgare kostnader enn strengt tatt nødvendig.
Eit godt hjelpemiddel vil vere å få utarbeidd ein produktivitets- og kostnadskalkulator for taubanedrift. Skogkurs har allereie signalisert at dei er i stand til å utarbeide ein slik kalkulator.
Taubanenæringa ynskjer også sterkt å få på plass ein sentral taubanepådrivar/ fagperson som kan kvalitetssikre planlegging og medverke til nyskaping, ikkje minst rekruttering til ein særs viktig bit av norsk skogbruk.

Under kan du lese heile oppsummeringa frå møtet på Vestnes 5. november 2020.

  • Alle mente at koronatilskuddet må videreføres.
  • Det var ulike meninger om hvordan koronatilskuddet burde utbetales. Noen mente dagens ordning direkte til skogeier var greit, andre mente det burde utbetales direkte til entreprenør og det kom også frem ønsker om en definert differensiering mellom skogeier og entreprenør.
  • Statstilskudd til taubanedrift har ikke endra seg noe de siste årene. Men siste året (2020) er det ordinære tilskuddet de fleste steder økt fra ca. 100 kr/m3 til 130/140 kr/m3.
  • En sentral forvaltning av taubanetilskuddet er et langsiktig mål. Hovedgrunnen er relativt få entreprenører, med stor kapasitet som opererer/ kan operere over hele landet. Omsynet til beredskap bør sterkere vektlegges.
  • I dag må fylkesmannen sette av en egen pott til driftstilskudd for taubane, og videre fordele disse porsjonsvis eller på grunnlag av en plan for fremtidige taubanedrifter. Dette krever samarbeid og jevnlig utveksling av informasjon mellom berørte parter.
  • Taubanetilskuddene må gå til godt planlagte taubanedrifter. Det må ikke bli slik at entreprenørene må reise frem og tilbake mellom kommuner der det plutselig og uten gode planer finnes interesserte skogeiere og tilgjengelige penger til taubane.
  • Det bør åpnes for å gi noen prosent ekstra veitilskudd der infrastruktur (inkl. standplasser, velteplasser og snuplasser) til taubanedrifter som er best mulig planlagt.
  • En nasjonal taubanepådriver/ konsulent må på plass snarest mulig. Dette for å bidra til utvikling, kompetanseoppbygging og kvalitetssikring av taubanedriftene.
  • Kompetansen til veiplanleggere kring skogsdrift med taubane må økes.
  • Det er ønskelig å få utvikla en produktivitets- og kostnadskalkulator/ tariff for skogsdrift med taubane til bilvei. Tariffen bør inkludere kjøring med lassbærer (på traktorveg eller terreng) fra standplass for taubane til bilvei, der det ikke er økonomisk grunnlag for å bygge bilvei frem til taubanen.
  • Forsking, utprøving og utvikling av t-winchen (og tilsvarende vinsjer) er viktig. Pr. i dag bør det ikke gis tilskudd fra taubanepotten til denne type driftsmiddel.