Oppstart av Saudasjøen Tømmerkai

Publisert 17.05.2019

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 16.05.2019

Denne veka signerte Sauda kommune kontrakt med entreprenørfirma Byggservice for utbygging av Saudasjøen Tømmerkai. Arbeidet er venta å stå ferdig 1. august 2019.

Saudasjøen 13. mai. Kontrakta er signert for utbygging av Saudsjøen Tømmerkai.
F.v. Lars Slåttå frå Rogaland Skognæringsforum, Eivind Oppedal frå Byggservice AS, Kristian Landro frå Sauda kommune, Sigthor Ari Sigthorsson frå Byggservice AS og Øyvind Ljung frå Sauda kommune.
Alle foto: Helge Kårstad

Det er planta mykje skog i Sauda og Suldal kommune i Rogaland. Utan tilkomst til ein tømmerkai, vil ein ikkje kunne drive eit aktivt skogbruk i dette området. Denne veka signerte Sauda kommune kontrakt med entreprenørfirma Byggservice AS for utbygging av Saudasjøen Tømmerkai. Kommunen fortel at det var fleire tilbod og Byggservice frå Kvinnherad i Hordaland gav billegaste og godkjent tilbod.
Vi kan leggje til at Byggservice har bygd 2 tømmerkaiar på Vestlandet siste åra; Vindafjord i Rogaland og Lindås i Hordaland. Arbeidet i Saudasjøen er venta å vere ferdig 1. august 2019.

Ut av sentrum
I mange år er det levert tømmer frå Sauda og deler av Suldal kommune over ein kommunal kai i sentrum av Sauda. Kaiarealet i sentrum ynskjer kommunen å nytte til boligar, og har gitt eit tilbod til «skogbruket» om å bruke ein kai som ligg i et industriområde litt utanfor sentrum (Saudasjøen).
Denne kaien er forma som ein T, og kommunen ynskjer å fylle ut arealet mellom eksisterande kaifront og land slik at heile kaifronten får forbindelse med land.

40% statstilskot
Kommunen sende søknad om tilskot til Landbruksdirektoratet i 2017, og fekk løyvd 1,6 millionar kroner eller ca. 40% av totalkostnaden. Grunnundersøkelsar hausten 2017 førte til auka kostnader og Landbruksdirektoratet løyvde i 2018 ytterlegare 1,08 millionar kroner og innafor 40% av totalkostnaden.

Årleg gevinst på 1 million kroner
Kommunen skriv i søknaden til Landbruksdirektoratet, at dersom skogbruket misser tilkomst til kai i Sauda, vil meirkostnaden med transport til nærmaste alternative tømmerkai (Berekvam i Suldal eller Søndanåneset i Vindafjord) bli om lag 40 kr/m3. Med eit årsvolum på 20 000 m3 vil årleg gevinst for skogeigarane i dekningsområdet til kaien bli kring 800 000 kroner.
Opprusting av tømmerkaien i Saudasjøen fører også til at mesteparten av tømmeret kan leggjast på kaifront, og ein sparer framkipping av tømmer som for tilsvarande tømmerkvantum årleg vil dreie seg om 2-300 000 kroner.

Flotte skoglier og greit terreng på austsida av Saudafjorden mot Vanvik i Suldal kommune. Det er planta svært mykje skog i desse områda og dei første hogstane er føreteke.God planlegging, hogstmoden skog og tilrettelagt infrastruktur vil gi godt utbyte for alle i verdikjeden.