7000 elevar på skogkurs

Publisert 24.02.2021

Nokre av deltakarane på motorsagkurset i Breim denne veka, f.v. Kjersti Rønningen frå Sandane, Cato Skålbones frå Stryn, Eirik Rønnekleiv frå Hyen og intruktur Arnt Laukeland.
Den flotte granskogen tilhøyrer Hans Førde. Vi skal kome tilbake med ein reportasje om Hans seinare.
Nokre av deltakarane på motorsagkurset i Breim denne veka, f.v. Kjersti Rønningen frå Sandane, Cato Skålbones frå Stryn, Eirik Rønnekleiv frå Hyen og intruktur Arnt Laukeland. Den flotte granskogen tilhøyrer Hans Førde. Vi skal kome tilbake med ein reportasje om Hans seinare.

Arnt Laukeland frå Sunnfjord i Vestland er inne i sitt 32 år som instruktur for Aktivt Skogbruk. Denne veka held han motorsagkurs i Breim og passerte med det 7000 elevar. 
Tekst og foto: Helge Kårstad


– “Det har jamt vore aukande interesse for skogkurs, særleg motorsagkurs sidan eg starta opp som instruktur i Aktivt Skogbruk i 1989″ seier Arnt.
Hittil i år har han halde 12 kurs berre i bruk av motortsag. Desse kursa går over 2 dagar (totalt 15 timar) med maksimalt 7 deltakarar og han køyrer 3 kurs for veka. Det er denne vinteren stor etterspørsel, og Arnt har idag booka kurs til langt over påske.
Arnt fortel at motorsagkursa er ettertrakta for både skogeigarar og andre. Nokon skal hogge tømmer, og andre skal hogge ved. Dei siste åra har stadig fleire damer delteke.

Kurs; ta kontakt med kommunen
Når det gjeld kurs får Arnt oppdraga frå kommunen og tek pr. idag oppdrag berre i gamle Sogn og Fjordane fylke. Er du interessert i eit skogkurs må du såleis ta kontakt med skogbruksansvarleg i kommunen. Arnt deltek også og/ eller arrangerar skogdagar, vanlegvis i samarbeid med skogselskapa i Vestland, dvs. Hordaland Skogselskap og Sogn og Fjordane Skogselskap.

Breimsbygda i Gloppen kommune med Byrkjelo nederst til høgre i biletet. Bygda er prega av aktive bønder med gode skogteigar. Arnt Laukeland fortel at i denne bygda er det svært mange som høgg tømmer sjølve og har delteke på motorsagkurs. Dette fører m.a. til småflatehogst, gjere 5- 10 dekar. Som igjen har mange føremonar, – m.a. gir det stabilitet og kvalitet i den veksande skogen av gran, furu og lauv.