Far min satsa på skogen

Publisert 22.03.2021

Bygda Vormedalen, Hjelmeland kommune i Rogaland.
I denne flotte, frodige bygda er det m.a. 15 gardsbruk i drift. Produksjonane er i hovudsak mjølk, kjøt (sau, storfe) og tømmer.
Bygda Vormedalen, Hjelmeland kommune i Rogaland. I denne flotte, frodige bygda er det m.a. 15 gardsbruk i drift. Produksjonane er i hovudsak mjølk, kjøt (sau, storfe) og tømmer.

Ekteparet Arnfinn og Lill Laugaland er begge fulltids bønder i Vormedalen, eit vakkert og grøderikt dalføre i Hjelmeland kommune i Rogaland. – «Med god hjelp av skogreisingsleiaren, var det far min som starta arbeidet med skogplanting på garden kring 1960» fortel Arnfinn.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Eit mønsterbruk
Garden Laugaland ligg fint til i Vormedalen, Hjelmeland kommune, ca. 20 minuttar med bil frå kommunesenteret i Hjelmeland. Familien Laugaland driv mjølkeproduksjon med ein kvote på 400 000 liter, mellom dei store enkeltståande mjølkeproduksjonsbruka i landet. I tillegg til fullt påsett av kviger og stutar, har Laugaland vanlegvis 3 innsett av slaktegris, total kring 1100 slaktegris for året. Garden har store utmarksareal, eit produktivt skogareal på ca. 1600 da og den årlege tilveksten har auka til årleg kring 700 kubikkmeter.
Eit mønsterbruk vil underteikna kystskogskrivar kalle Laugaland. Eit besøk dit gir inspirasjon og tru på det vi driv med, ja tru på ei framtid i jord- og skognæringa.

Skogresisngsleiaren og far min
Det var tidlegare skogreisingsleiar Ottar Hove som saman med far til Arnfinn fekk fart på skogen på Laugaland. Det er relativt mykje morenemark i Vormedalen og ypperlege tilhøve for produksjon av gran. Det var difor med god grunn at far til Arnfinn vart hekta på skogplanting, og fekk også seinare bygd dei fleste skogsvegar på eigedomen.
Rådgivar for skog i Hjelmeland kommune Kristofer Tveiterå fortel at det har vore stor interesse for skogplanting i kommunen, og det vart difor planta heile 20 000 dekar gran under skogreisinga. Ta ein kik på oversiktsbiletet i starten på reportasjen; større mangfald skal ein vel leite lenge etter.

Arnfinn Laugaland har teke opp arven etter far sin og planta mykje gran. – “I grunn har vi alltid planta litt, ja nesten kvart einaste år” seier Arnfinn. Ikkje rart at den årlege tilveksten er kome opp i ca. 700 kubikkmeter.

Hogge furua sjølv
– “Furua har diverre aldri gjeve pengar i kassa” seier Arnfinn. I tillegg til rein skogreising, har det difor blitt ein god del treslagskifte frå furu til gran på morenemarka på Laugaland. – “Furua er både gammal, krokete og småvokse her i området. Den kan nok vere bra den, til ymse føremål, men prisen på furua for sal har  alltid vore låg” understrekar Arnfinn. Slik sett har det heller ikkje vore rekningsvarande å engasjere entreprenørar til hogst av furu, så det har familien Laugaland gjort sjølve i alle år.
Tidlegare vart noko av furua nytta til eige bruk og til mindre lokale sagbruk i regionen. I dag er det Riska Sag i Sandnes som kjøper furuvirket.
– «Det seier seg sjølv at treslagskifte til gran gir betydeleg produksjonsauke pr. dekar på tredjeparten av tida . Og virket er jamt over også noko betre betalt» seier Arnfinn og skodar utover flotte granskogar oppe i lia.

Mellom småvokse, krokete furu, fins ei og anna grov og godt eigna furu til skur. Denne “rusken” som er av dei sjeldne furustokkar i Vormedalen, skal til Riska Sagbruk i Hommersåk ved Sandnes.
F.v. Arnfinn Laugaland, Rasmus Stokkeland som inntil nyleg var prosjektarbeidar i Skognæringa Kyst og ytterst rådgivar skog Kristofer Tveiterå som også fungerar som vegplanleggjar i Rogaland.

Trong for meir skogsbilvegar i Rogaland
Kristofer Tveiterå er i tillegg til jobben som rådgivar skog i Hjelmeland også vegplanleggjar i Rogaland. Han fortel at det er jamt stor interesse for å byggje skogsvegar i Rogaland, mest i Haugalandet og Ryfylke, særleg kommunane Vindafjord, Suldal og Hjelmeland.
Statstilskota til skogsvegbygging har vore bra siste åra, men vi skulle gjerne hatt meir pengar, interessa er tilstades” seier Kristofer.
Hovudplanarbeidet for skogsvegar som vart utført for nokre år sidan, fortel at i Rogaland er det trong for ca. 440 km nye skogsbilvegar for å ta unna den hogstmoden skogen i framtida.
Siste året som vi har statistikk for (2019), vart det bygd og ferdigstilt 1,6 km nye skogsbilvegar i fylket. Sjølv om det også vart ombygd 3,8 km til skogsbilvegar, syner dette at det er stor trong for bygging av meir skogsbilvegar i fylket. Men det føreset at skogeigar byggjer ut vegnettet før den hogstmodne skogen blir hogge, som eksempelvis på Laugaland.

Bjønndalsvegen
Far til Arnfinn bygde stort sett aktuelle skogsvegar på garden i si tid. I desse dagar føregår riktignok skogsbilvegbygging på eigedomen til Arnfinn. Det er to partar i vegen, og det er naboen som vil ha størst nytte av vegen. Vegen heiter Bjønndalsvegen, er 550 meter lang og kostar 385 000 kroner, dvs. 700 kroner pr. meter. Og det er sjølvsagt Kristofer som har planlagt vegen. Vi meiner at dette er ein relativt rimeleg bilvegkostnad, og er nok fordi den er godt planlagt og det er mykje morenemasser i området.

Bjønndalsvegen vil løyse ut 720 dekar produktiv skogsmark. Idag står det ca. 6000 kubikkmeter tømmer i hogstklasse 4 og 5 i området. Det er også store areal av yngre produksjonsskog i hogstklasse 3. Med dei relativt gode bonitetane (god skogsjord) i området, betyr dette ei fleirdobling av kvantumet dei neste 20-30 åra dersom skogen får stå til den hogstmoden (hogstklasse 5).
Familien Laugaland har lagt ned mykje arbeid i generasjonar. Sjølv har Arnfinn dyrka 60-70 dekar siste åra (bilete).
Fjøset er av heiltre, stort sett kjerneved av furu. Storleiken er 19×61 meter og rommar eit lausdriftsfjøs for 50 årskyr med innlagt robotmelking og automatisk foring. Laugaland understrekar den gode lufta og det gode miljøet som blir i slike trefjøs, viktig for både folk og dyr.