Stor eigenhogst i Stryn

Publisert 17.03.2021

Leiar i Stryn Skogeigarlag Per Erik Ulvedal framfor eigenhogd tømmer frå 37 skogeigarar i Stryn, levert her på Faleide tømmerkai. Legg merke til at det er ein god del grovt skurtømmer i lunna.
Leiar i Stryn Skogeigarlag Per Erik Ulvedal framfor eigenhogd tømmer frå 37 skogeigarar i Stryn, levert her på Faleide tømmerkai. Legg merke til at det er ein god del grovt skurtømmer i lunna.

Stadig meir hogstmoden skog og ein god vinter, har ført til meir eigenhogst i mange kommunar i kystskogbruket enn på lenge. Gledeleg utvikling seier leiar i Stryn skogeigarlag Per Erik Ulvedal og viser til at nærare 40 skogeigarar berre i denne kommunen har vore aktive i vinter.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Ei langsiktig satsing i Stryn
Per Erik Ulvedal i Stryn Skogeigarlag og styreleiar i Faleide tømmerkai, synest det er kjekt at skogeigarane sjølve dreg til skogs igjen. Han viser til ei stor skogsatsing i Stryn over fleire tiår. Særleg framhevar han tidlegare skogreisingsleiar Hans Kjesbu som var ein kjent mann blant dei fleste bønder i Stryn. I mange år låg Stryn på topp, – nær sagt i alle statistikkar innan skogbruk. Men dei siste åra har mykje endra seg. Likevel, det har blitt mykje meir skog etter kvart, meir skogsvegar og gjerne betre skogsutstyr. – “Så no gjeld det å hauste på rett vis, hogge gamalskog og plante på nytt” seier Ulvedal.
Skogbruksleiar i Nordfjord Kjell Magne Åshamar seier at det har vore mest eigenhogst i Stryn kommune. Men også i Eid og Gloppen kommune har det vore rimeleg stor aktivitet, ja nærare hundre skogeigarar i desse 3 kommunane har vore aktive i skogen med sal av tømmer gjennom AT Skog denne vinteren.

Alt dette og meir til er hogge av 37 skogeigarar i Stryn i vinter. Skurtømmeret er kappa på 5,1 meter og det er AT Skog som kjøper tømmeret. Det er firma Skogstrans frå Høyanger som er transportør av tømmeret frå skog til kai.

Halv million kubikk
AT Skog er einaste kjøpar av sjølvhogge tømmer i heile Vestland. I Stryn kommune blir tømmeret levert på Faleide tømmerkai, – ein av dei eldste tømmerkaiane i landet.
Asle Lyslo, frå Stryn, tidlegare skogbruksleiar i Vestskog og idag vegplanleggar i Sogn og Fjordane kjenner skogbruket i kommunen svært godt. Han fortel at sidan kaien vart bygd på slutten av 1970 talet, har det tilsaman blitt levert minst ein halv million kubikkmeter tømmer over denne kaien, – til norsk og europeisk skogindustri. Og kostnaden pr. kubikk er i underkant av 10 kroner pr. kubikkmeter. – “Utan tømmerkaien hadde vi ikkje kunne drive noko skogbruk her“, seier Asle. Og framover vil nok både hogsten og tømmerkvantumet over kai jamt auke.

Faleide tømmerkai ligg sentralt i Stryn kommune og vart bygd på slutten av 1970-talet.
Seinare er den utvida 2 gonger. Det er noko grunt framfor kaien, og det er no planer om utdjuping av dette området. På det viset vil ein kunne sluttlaste båtar i Stryn, i eit område i Vestland der tømmertilgangen jamt vil auke framover.

Treng større djupne
Tømmerkaien på Faleide er etter nærare 50 års bruk fullt ut funksjonell i dag. Kaien er 80 meter lang, men det er for grunt slik at tømmerbåtane ikkje kan sluttlaste på Faleide. Det er eit stort minus fortel Inga Apeland som organiserar sjøtransporten av tømmer for AT Skog i Vestland. Det vil no bli utgreidd kva som kan gjerast med dette, og det vil venteleg bli søkt Landbruksdirektoratet om midlar innan fristen som er 15. april i år.