Vil engasjere skogeigarar med stubbekonsertar

Publisert 12.03.2021

Ruben Bøtun framfor ei godt voksen Abies Nobilis (nobelgran) på Brandsøy, tidlegare sentral planteskule i Sogn og Fjordane. Ein kontorstad med mykje skoghistorie og eit svært triveleg skogmiljø.
Ruben Bøtun framfor ei godt voksen Abies Nobilis (nobelgran) på Brandsøy, tidlegare sentral planteskule i Sogn og Fjordane. Ein kontorstad med mykje skoghistorie og eit svært triveleg skogmiljø.

Ruben Bøtun er nyleg tilsett som dagleg leier i Sogn og Fjordane Skogselskap. Med bakgrunn frå både frå skog- og sportsbransjen, vil han no få fart på skogeigarane i fylket og introduserar mellom anna stubbekonsertar.
Tekst og foto. Helge Kårstad

Stubbekonsertar
Ruben, 32 år gammal frå Fresvik i Sogn, er nyleg tilsett som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap med kontorstad i lokala til den tidlegare planteskulen på Brandsøy i Florø. Han er imponert over kva skogselskapa historisk har medverka til, og viser både til skogforskinga på Vestlandet og ikkje minst til den store skogreisinga etter krigen. – «Entusiasme og pågangsmot prega den tida», seier Ruben.

Ruben meiner at det er grunn til å feire dei gode resultata i skogbruket, og vil m.a. invitere til stubbekonsertar med innlagt fagprogram for heile familien. – «…for folk elskar jo skogen og trevirket» seier Ruben og gledar seg til den første konserten som vil skje om ikkje så lenge. Stad og musikantar er enno ikkje heilt avklara,  men rykta fortel at dette kan bli veldig bra.
Eit nettbasert tilbod til nye, gjerne unge skogeigarar, står også på programmet denne våren. – I det heile ynskjer vi å vere synleg både på nett og i marka», fortel Ruben med stor tru på skogbruket i åra som kjem.

Det har vore mange besøk av skogsfolk på Brandsøy.
Nyleg var det besøk av prosjektleiaren for FOU, innovasjon og trebruk i Kystskogbruket, Kristin Støren Wigum.
F.v. tidlegare planteskulebestyrar Svein Saure, noverande styreleiar i Sogn og Fjordane Skogselskap Terje Engvik, Ruben og Kristin.

Mange oppgåver
Ruben blir nok ikkje arbeidsledig med det første. Han er også sekretær for Vestland Skognæringsforum. Det første digitale nettmøtet vart nyleg arrangert for Vosseregionen med stor deltaking. I alt skal det gjennomførast 8 slike digitale nettmøte denne våren, og deretter bedriftsbesøk om det let seg gjere.
Her må vi legge til at Sogn og Fjordane Skogselskap også er arbeidsgjevar for vegplanleggjarane Asle Lyslo og Tormod Jacobsen. Ruben tek også denne type planleggingsoppdrag når tida tillet det.

3 bachelorgrader
Med oppvekst i Fresvik, ei lita bygd på sørsida av Sognefjorden, flytta Ruben heimanfrå som 16-åring for å gå på vidaregåande skule i Sogndal. I 2008 starta han på Høgskolen i Molde, der han skaffa seg ein bachelorgrad i Sport Management. Etter å ha budd i England og Zambia nokre år, der han arbeidde som personleg trenar og som frivillig innan idrett og bistand, fekk han igjen lyst til å studere.
Med interesse for skog og natur, starta han i 2013 opp eit 4 års studie innan skog- og utmarksfag på Evenstad i Innlandet. På tre år fullførte han bachelorgrader i både utmarksfag og skogfag. Det siste året på Evenstad var han også prosjektleiar for Norsk Elgsenter, der han var tilsett på timebasis.
Etter ferdig studie på Evenstad i 2017, har Ruben jobba som skogbruksplanleggjar i Vestskog, i dag fusjonert med AT Skog.

Det er historisk sus over kontoret til den nye daglege leiaren. Biletet midt mellom Ruben og Terje er ei teikning av Axel Heiberg, stiftaren av Det Norske Skogselskap og styreleiar 26/9 1898 – 26/9 1918 som det står på teikninga. Teikninga er signert og datert av Erik Werenskiold. Kanskje teikninga er original?
Brandsøy Planteskule var inntil 2008 ein sentral leverandør av kvalitetsplanter under skogreisinga. Bygget er eigd av Sogn og Fjordane Skogselskap, er relativt nytt og rommar store, gode lokaler som delvis blir utleigd til andre føremål. Kanskje dette kan bli skognæringa på Vestlandet si nye storstove for framtida?