Stor samfunnsøkonomisk nytte
Publisert 31.05.2021
Nyleg kunne Transportøkonomisk Institutt presentere resultata frå ein analyse kring flaskehalsar på kommuevegar.
Skognæringa Kyst overrekte samtidig rapporten til Kommunenes Sentralforbund (KS) ved leiar Bjørn Arild Gram. Resultata syner stor samfunnsøkonomisk nytte av å oppruste/ oppskrive vegane. Gram sa m.a. at KS i samarbeid med Kystskogbruket og sentrale myndigheiter ville medverke til å løyse utfordringane kring flaskehalsane.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Representantar for skognæringa i Vestland og Rogaland var nyleg invitert til presentasjon og overlevering av ein rapport frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) om flaskehalser for tømmertransport på kommunale vegar. Staden var Tønna i Bygstad, Sunnfjord kommune i Vestland fylke. På grunn av koronaepidemien var invitasjon og deltaking noko avgrensa, men kring 20 personar kunne delta.
Bakgrunnen for dette viktige arbeidet er auka hogst i stadig nye områder etter skogreisinga. Dei offentlege vegane og særleg kommunevegane er oftast ikkje godkjende for vogntog, og dette medfører stadig meir kipping av tømmer. Skognæringa Kyst engasjerte difor Transportøkonomisk Institutt i 2020 til å analysere desse vegane, rekne ut ein samfunnsøkonomisk nytte ved å oppgradere vegane til vogntog, og i tillegg lage kommunevise prioriteringslister over dei viktigaste vegane. Til grunn for analysen skulle leggast tømmertransport og anna godtstransport. Undervegs i arbeidet vart også fylkesvegar med flaskehalsar, kopla til kommunevegar med flaskehalsar, teke med i rapporten.
Rapporten og resultata vart presentert av assisterende direktør i TØI Kjell Werner Johansen og seniorrådgiver Christian Mjøsund. Resultata syner m.a. at 1082 vegar har flaskehalsar for tømmertransport i Rogaland og Vestland. Heile 554 av desse vegane (51%) er klassifiserte med lågaste vegstandard i høve veglista, dvs. max. akseltrykk BK8 tonn, totalvekt 32 tonn og tillate vogntoglengde 12,4 eller 15 meter. Denne type vegar fører til at det må utførast 7 kippeturar for å få fullt lass. Dette kostar meir enn det smakar, og gjer slike skogområde lite lønsame og i ein del tilfeller til nullområde.
Totalt og for begge fylka er det rekna ut ein neddiskontert samfunnsøkonomisk nytte på 481 millionar kroner av å oppgradere alle flaskehalsane til ein vegstandard som tillet tømmerbil med korthengar (vegar med tillate lengde 19,5 meter).
Rapporten er vedlagt her: Endeleg rapport fra TØI
Skognæringa Kyst v/ Ole Bakke overleverte rapporten til leiar i Kommunenes Sentralforbund (KS) Bjørn Arild Gram.
Gram sa i si tale at KS i samarbeid med Kystskogbruket og sentrale myndigheiter ville arbeide for å løyse utfordringa kring flaskehalsane. Ole Bakke understreka at det haster fordi skogområder blir ulønsame dersom ikkje flaskehalsane blir fjerna, og vegsklassifisering i veglista for dei prioriterte vegane blir godkjent for vogntog.
Vidare arbeid.
Skognæringa Kyst skal raskt avgjere korleis dette arbeidet no skal vidareførast. Målet er også å utføre tilsvarande analyser i dei andre kystskogfylka. TØI har utvikla metoden i nært samarbeid med fylkesskomester Torkel Hofseth.
Det er difor aktuelt å nytte denne kompetansen i det vidare arbeidet.
Media
Fleire hadde ordet under møtet på Tønna. Vi tek med nokon av desse i bildereportasjen under.
Vi beklager at bildekvaliteten er noko redusert denne gongen, difor har vi heller ikkje teke med alle.
NRK Vestland var tilstades og laga dette innslaget, onsdag 26. mai kl. 19.45: Vestlandsrevyen