Dette må løysast raskt

Publisert 03.11.2021

Mykje folk samla i Sand, Suldal i Rogaland kring tema flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommune- og fylkesvegar. 
F.v.  Ole Bakke i Skognæringa Kyst, Ørjan Gangstø i Gangstø Transport, Kjell Terje Skrunes i Rogaland Skogselskap, Jan Ivar Rødland i AT Skog, Olaf Gjedrem i Rogland Skognæringsforum, Hans Petter Tønnesen frå Eigersund kommune, Mathilde Grimsby frå Tysvær kommune, Mariann Myklebust frå Nortømmer, Endre Krakk som transportør for Felleskjøpet, Alexander Rugert-Raustein som leiar i samferselsutvalet i Rogaland Fylkeskommune, Svein Magne Krakk som transportør for Felleskjøpet, Are Hauge Braaten frå Rogaland Bondelag, Renate Brynhildsen frå Felleskjøpet Rogaland Agder, Sissel Bakke frå Rogaland Fylkeskommune, Kjetil Haukås frå TØI, Turi Ottersland Tjøstheim frå Suldal kommune, Magne Langeland som politiker frå Suldal, Eivind Lien frå Aktivt Skogkurs, Åsmund Bakka frå Bakka Sag, Inga Apeland frå AT SKog, Johannes Fattnes frå Suldal Bondelag, Tarjei Mikkelsen frå Nortømmer, Olaf Vidvei som skogeigar frå Suldal, Lars Slåttå frå Rogaland Skognæringsforum og Njål Søndenå frå AT Skog.
Mykje folk samla i Sand, Suldal i Rogaland kring tema flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommune- og fylkesvegar. F.v. Ole Bakke i Skognæringa Kyst, Ørjan Gangstø i Gangstø Transport, Kjell Terje Skrunes i Rogaland Skogselskap, Jan Ivar Rødland i AT Skog, Olaf Gjedrem i Rogland Skognæringsforum, Hans Petter Tønnesen frå Eigersund kommune, Mathilde Grimsby frå Tysvær kommune, Mariann Myklebust frå Nortømmer, Endre Krakk som transportør for Felleskjøpet, Alexander Rugert-Raustein som leiar i samferselsutvalet i Rogaland Fylkeskommune, Svein Magne Krakk som transportør for Felleskjøpet, Are Hauge Braaten frå Rogaland Bondelag, Renate Brynhildsen frå Felleskjøpet Rogaland Agder, Sissel Bakke frå Rogaland Fylkeskommune, Kjetil Haukås frå TØI, Turi Ottersland Tjøstheim frå Suldal kommune, Magne Langeland som politiker frå Suldal, Eivind Lien frå Aktivt Skogkurs, Åsmund Bakka frå Bakka Sag, Inga Apeland frå AT SKog, Johannes Fattnes frå Suldal Bondelag, Tarjei Mikkelsen frå Nortømmer, Olaf Vidvei som skogeigar frå Suldal, Lars Slåttå frå Rogaland Skognæringsforum og Njål Søndenå frå AT Skog.

Transportøkonomisk Institutt sin rapport «Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsar i tømmertransport på kommunale vegar» var tema under ei samling i Sand, Suldal kommune i Rogaland førre veke.
– «Dette må løysast raskt», var den einstemmige konklusjonen frå ei godt representert jord- og skognæring i fylket.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Varaordførar Øyvind Lovra Tveitane yngste alle velkomne og orienterte m.a. om skogbruket i Suldal og ikkje minst om utfordringane kring flaskehalsar både på kommune- og fylkesvegar.
Kjetil Haukås frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) informerte om oppbygging og resultat frå analysen som nyleg er gjennomført for Vestland og Rogaland. Og resultatet er som for Vestland fylke svært dårleg når det gjeld kommunevegane. Sett i høve til nasjonale mål for vegstandard (BK10-24/60) har alle kommunale vegar i Rogaland flaskehalsar for godstransport.
Kring heile 50% av dei kommunale vegane er så lågt klassifiserte i veglista at det ikkje tillate å nytte tilhengar, – berre enkel bil. Og det verste er kanskje at 49% av dei same vegane (BK8, totalvekt 32 tonn og vogntoglengde 12, 4 meter) knapt har lov å ha på lass, berre ca. 4 tonn eller 4,4 kubikkmeter (m3) tømmer. Alternativt kan ein lesse ca. 30 m3 tømmer på fullt vogntog der vogntoglengde er 19,5 meter og 40 m3 der godkjent vogntoglengde er 24 meter.
TØI har utarbeidd kommunevise lister med prioritering på grunnlag av transportgevinst ved å skrive opp vegane slik at ein kan nytte vogntog.

Frå virkeskjøparane har vi fått opplyst av kippinga i Vestland og Rogaland stadig aukar, i dag er den passert 30% og mange meiner den vil gå mot 40% dersom ikkje noko blir gjort fort. Og skogeigar må idag betale kring 30 kroner pr. kubikk for kipping, resten av kostnaden og kring det doble tek tømmerbilsjåføren. I tillegg er slitasjen på vegane og CO2 utslepp mange gonger større ved kipping enn utan kipping.
Rapporten kan du lese her: Endeleg rapport fra TØI

Varaordførar Øyvind Lovra Tveitane yngste alle velkommen til temadagen i Sand. Han fekk ein tøff start på dagen, sidan han rett før møtestart hadde passert rasstaden (sjå siste bilete) og som prega noko av denne dagen.
Kjetil Haukås frå TØI er medforfattar til rapporten «Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsene i tørmmertransport på kommunale vegar» for Vestland og Rogaland.

Vi tek med nokre av kommentarane (tilfelding rekkefølgje) som kom fram under samlinga.

  • «Dette tema hadde vi oppe for 20 år sidan» sa Eivind Lien i organisasjonen Aktivt Skogbruk
    «Det er på tida å få dette løyst. Ja kva er så grunnen til at vi tru det no kan bli løyst?» spurde Lien.

     

     

  • «Eg er mest bekymra for sjåførane som må køyre inntil 7 kippeturar for å få fullt lass. Det er også utfordringar med å finne plass til hengaren. Korleis er det muleg å rekruttere sjåførar til denne jobben i framtida?» spurde Inga Apeland i AT Skog.
  • «Vi møter om lag kvar dag flaskehalsar og vegar som ikkje er godkjende for vogntog» sa Endre Krakk som saman med bror sin Svein Magne køyrer kraftfôr for Felleskjøpet til bønder i Nord Rogaland og Sunnhordaland.
    «Det er ofte snakk om mindre parti som gjer av vegane er nedklassifiserte, og mykje kunne vore utbetra utan store investeringar» sa Krakk mellom anna.
  • «Det er viktig at desse analysane i regi av TØI blir gjort både i Rogaland og dei andre kystskogfylka. For dette er eit felles utfordring som i dag fører til store transportkostnader i dei nye skogfylka» sa fylkesskogmeister Stein Bomo.
  • «Vi vil fortsetje å dokumentere desse flaskehalsane i alle kystskogfylka» sa dagleg leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke.
    «Målet er også å få sett av ein statleg budsjettpost over LMD sitt budsjett til å spleise utbetringar og ei raskare gjennomføring av tiltaka på kommunevegane framover» sa Bakke.
  • «AT Skog brukar for tida mykje ressursar mot både kommunar og fylke for å få skrive opp vegane. Noko er vellykka, men det er også store utfordringar som gjenstår» sa Jan Ivar Rødland som til dagleg jobbar med dette tema.
  • «Norskog og Nortømmer er opptekne av ein betre infrastruktur og vil medverke til å få gjort noko med dette» sa nytilsett logistikksjef i Nortømmer Mariann Myklebust.
  • «Suldal Bondelag er glade for at Kystskogbruket har teke fat i dette tema, og vi vil støtte dette arbeidet i det vidare» sa Johannes Fattnes frå Suldal. På Rogaland Bondelag si nettside står det m.a. skrive: «Det er på tide å få rydda opp. Takk til Kystskogbruket for ei god samling med demonstrasjonar».
  • «Rogland Fylkeskommune skal i møte 17. november ta stilling til ei rullering av fylket sin handlingsplan for fylkesvegnettet. Ut på nyåret 2022 vil fylkesrådmannen venteleg oppmode kommunane om å gi innspel til denne planen. Eit nytt planvedtak i handlingsplanen for fylkesvegnettet vil venteleg føreliggje utpå hausten 2022, og det vil då vere førande for prioriteringar dei neste 3 åra» sa leiar i samferdselsutvalet i Rogaland Alexander Rugert-Raustein.
    Med denne bakgrunnsinfoen oppmoda Rugert-Raustein skog- og landbruksnæringa til å gje kommunane innspel om kva for vegar og vegstrekningar som må prioriterast i neste handlingsplan. Resultata i TØI rapporten vil vere eit godt grunnlag.
  • «Skognæringa vil i samarbeid med resten av landbruksnæringa aktivt arbeide for eit løft når det gjeld utbetring og fjerning av flaskehalsar på kommune- og fylkesvegnettet» sa styreleiar i Skognæringa Kyst Olaf Gjedrem til slutt. Han takka samtidig for frammøtet, og oppmoda alle til å delta i det vidare arbeidet. «Dette må vi løyse» sa Gjedrem.
Jan Ivar Rødland (t.v) i AT Skog har også buss sertifikat og leia demonstrasjonen ute denne dagen. På grunn av det kraftige regnet var det ei lukke at forsamlinga kunne samlast i bussen, plassert midt mellom tømmerbilen og bilen frå Felleskjøpet.
Tømmerbilsjåfør Ørjan Gangstø orienterte om dagen som tømmerbilsjåfør. Han kippar sjølv mykje tømmer og understreka at det haster meir enn nokon gong med å få oppskrive/ opprusta dei viktigaste vegane.
Den 40 seter store bussen fungerte godt som samlingstad i det kraftige regnet. Nærast Endre Krakk og Svein Magne Krakk (i gul jakke) som dagleg transporterar kraftfor for Felleskjøpet (sjå bilen på neste bilde)
Dei fleste deltakarane framfor bilen til Felleskjøpet som blir køyrd av brødrene Endre og Svein Magne Krakk.
Sjå også første bilete.
Fleire av dei påmelde deltakarane vart møtt ev dette raset på RV 13 ved Lovraeidet ca. kl. 10.00. Det gjaldt mellom anna Magnus Stokka frå NRK Rogaland som kom heilt frå Stavanger for å lage opptak på temadagen om flaskehalsar. Andre, m.a. varaordførar Øyvind Lovra Tveitane, hadde nett passert før raset gjekk.
Temadagen let seg likevel gjennomføre sidan det trass alt hadde gått bra. Men temadagen om flaskehalsar fekk eit noko utvida innhald. Ja her er mykje å ta tak i når det gjeld distriktsvegane våre.

 

Statsforvalteren i Rogaland har også laget et oppslag om dagen si heimeside. Flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar er ei stor utfordring for jord- og skogbruket i distrikta | Statsforvalteren i Rogaland